Tropic Sky

Inneheld sponsede produkter

Eg huskar kjøpet av mi første rettetang som det var i går. Den var rosa, stor og litt for tung til å vere ei rettetang. Den blei kjøpt på Elkjøp til ein sum mellom 100 og 300 kroner. Eg var så fornøygd! Lykken vart likevel veldig kortvarig da den somregel blei altfor varm til å både rette håret med og å faktisk holde i. Så gjekk det heller ikkje så lang tid før den plutseleg ikkje ville gå på meir. Da eg noken månader etterpå begynte på videregåande, og fekk utdelt mitt aller første stipend var eg kjapp med å komme meg til ein frisøren der eg kjøpte mi aller første GHD rettetang. Fra det øyeblikket var eg solgt.

Så i sommar når eg fekk høyre at dei hadde komme med ein ny kolleksjon med namnet » Ghd Wanderlust Collection» vart eg både nysgjerrig og veldig spent! For er det eit ord som alltid vekker oppmerksomheiten min så er det «wanderlust». Kolleksjonen består av fargerike og veldig lekre rettetanger og blant anna hårfønar i reisestørrelse! Rettetanga på bilde over er den som heiter Tropic Sky og har allerede blitt ein stor favoritt hos meg. Den har ein teknologi som motverkar at håret brekker og forsterkar glansen i håret. I tillegg kjem den i ein superfresh varmepose som er heilt perfekt å både oppbevare den i, og å ha med på reise. Så er rettetanga sjukt kul i seg sjølv.

Det som faktisk er superviktig når ein først brukar ei rettetang, krølltang eller hårfønar er å huske å bruke varmebeskyttelse. Denne fekk eg med rettetanga, og den luktar heilt himmelsk! Det er nesten sånn at eg har lyst å bruke den uansett om eg skal rette håret eller ikkje. Eit anna stort pluss med den er at håret fortsatt følest lett og fint etterpå. Eg har tideligare brukt ein som har gjort at håret nesten følest seigt og tungt, så denne får 10/10 poeng hos meg.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>