The perfect scarf

På ein kald vinterdag er det ingenting som er deiligare enn å pakke seg inn i eit svært skjerf. Eit skjerf som er mjukt, som varmar godt og som faktisk kan brukast som pledd også. Eg veit ikkje kor mange gangar eg har brukt mitt grå Acne skjerf som pledd på flyet, eller over meg på kinoen. For det er jo virkelig ingenting som er verre enn å sitte å fryse.

Så når me no går inn i ein ny periode med både masse vind, regn, snø og det aller meste som gjer at eg vil flykte til varmare strøk, tenkte eg at det var på tide med eit nytt skjerf. Valget falt på Acne igjen, rett og slett fordi eg har vore så sinnsjukt fornøygd med mitt som eg har brukt omtrent kvar dag(minus sommar) siden 2013. Eg har kjent litt på andre fra andre merker, men ingen blir liksom så mjuke og gode, sjølv om dei gjerne ser ganske like ut.

Valget falt (ikkje overraskande) på eit svart. 90% av garderoben min består av svart, og det er både klassisk, tidløst og kan brukast til alt og alle situasjonar. Eg er vel ikkje den einaste som er over gjennomsnittleg glad i svart? Eg er vertfall superfornøygd, og gledar meg til å pakke meg inn i dette framover.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>