The juicery

Noke av det kjekkaste eg veit om når eg er ute å reiser er å utforske digge cafear/restaurantar. Gjerne dei med litt anna type mat. Sunn og digg mat! Dette her har eg savna litt i Oslo. For all del, me har veldig mykje her, og veldig mykje bra. Eg har berre savna dei plassane som er litt annleis. Der du kan kjøpe deg smoothie, juice, og sunn mat. Sunn mat utanom den klassiske salaten.

Så når eg no oppdaga at det var komme ein ny plass på frogner med namnet The Juicery jubla eg høgt. Endeleg ein sånn plass! Ein kul og litt anna plass med Acai bowl, juice, smoothie og enda meir. Eg åt grønn Acai bowl og den var både supergod og metta heilt perfekt. I tilegg kjøpte me to forskjellige juicar som begge var supergode. Absolutt ein plass det er verdt å ta turen innom.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *