Stop being so sensitive

Etter eg kom heim fra Barcelona har huden min desverre ikkje vore heilt i balanse. Den har vore ein «fin» kombinasjon av tørr, dehydrert, og super-sensitiv. Noke som igjen har ført med seg ein del prikkar og utslett. Så sjølv om eg har vore meir enn fornøygd med mine faste produkt skjønte eg no at det var nødvendig med produkter som var enda meir retta mot sensitiv og sår hud.

REN Clean Skincare er ein hudpleieserie med produkter for alle hudtyper, og produkter med veldig fine og milde ingrediensar. Eg endte opp med å kjøpe eit kit for sensitiv hud som heiter » Stop Being So Sensitive». Der får ein med ein rens, serum og dagkrem. Produkta er i relativt små størrelsar, men perfekt for å få teste dei ut før ein kjøper store størrelsar, eller til å ha med på reiser.

Alle produkta i «evercalm»(sensitiv) serien er ekstra milde, og vil virke veldig beroligande på huden. Dei vil også øke fuktnivået, samtidig som dei både beskyttar og dempar rødheiten. Det ropar vertfall eg hurra over! Eg merkar allerede forskjell på huden min etter ei veke med desse produkta, og sjølv om huden fortsatt er både tørr og sensitiv er den mykje bedre enn den var for ei veke siden. Det er alltid viktig å huske på at ting tar litt tid, så ikkje gi opp etter nokre dagar. Gi det nokre veker.

Produkta til REN får du kjøpt hos alle Fredrik og Louisa butikker til ein veldig fin pris. Eg må også legge til at innlegget verken er annonse eller spons, det er enkelt og greit eit lite tips til alle som sliter med det samme som meg. Eg veit kor innmari kjedelig det er å både kaste vekk penger, bruke masse tid og energi på hudpleie som ikkje funker eller som faktisk gjer huden verre.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>