Du veit alle dei konkurransane på instagram der ein kan vinne ved å tagge ein venn? Dei konkurransane ein gløymer litt rett og slett fordi ein aldri vinner? I forrige veke skjedde nettopp det utrulige. Eg og bestevenninna mi vant nettopp ein sånn konkurranse. Ein drømmedag med Steen og Strøm under Oslo Runway!



Marlen kasta seg på natttoget fra Bergen, og me hadde verdens beste døgn i lag. Me starta dagen med å velge oss ut eit antrekk fra Line of Oslo på Steen og Strøm, og seinare venta både makeup, lunch og fiksing av hår av Adam og Eva. Eg trur me begge følte oss som verdens heldigaste jenter der me satt. Når me var ferdig styla rusla me bort på Sentralen der den første visninga til Line of Oslo venta. Det var også min første motevisning, så eg visste ikkje heilt kva eg skulle forvente. Den eine etter den andre moteprofilen dukka opp, og rekkene fyllte seg med velkledde og spennande mennesker. Lyset gjekk av og ut kom vakre jenter med like vakre antrekk.




Visninga var veldig fin og over all forventning, og eg gledar meg allerede til kolleksjonen kjem ut i butikk. Eg har nemleg sett meg ut både to og tre ting eg gjerne vil ha. Etter visninga rusla me tilbake til Grünerløkka, og tilbrakte resten av kvelden på favorittplassen, Villa Paradiso.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Kor skal eg eigentleg begynne? Bali var heilt fantastisk. Det er så utruleg mange vakre plassar der, og så mykje å både gjer og sjå. Me hadde i utgangspunktet to veker, men to veker blei plutseleg til tre. Likevel følte me oss ikkje “ferdige” eller klare til å reise heim i det heile. Så husk å ha litt tid, spesielt om du vil oppleve fleire plassar. Sjølv om Bali var veldig spennande og flott, var det veldig slitsomt. Eg trur dei som har vore der kan kjenne seg igjen i det eg skriver. Eg har aldri vore ein plass der folk har vore så pågåande, eller ein plass med så sinnsjukt mykje trafikk. Likevel hadde me ein heilt super ferie, og Bali er faktisk eit must å oppleve ein eller anna gang iløp av livet.


Uluwatu

Den første destinasjonen i Bali var Uluwatu. Der hadde me booka rom på Suarga Resort Padang Padang Beach. Eg trur det einaste ordet som kom ut av munnen vår når me endeleg kom fram var ” wow “. Eit utruleg vakkert og unikt hotell med den mest magiske utsikten ein kan tenke seg! Rommet vårt blei oppgradert til ein villa, og me hadde det heilt perfekt. På hotellet har dei også ein restaurant som me faktisk endte opp med å ete på omtrent kvar kveld(!). Rett og slett fordi maten var så sinnsjukt god, og fordi hotellet ligger litt vanskeleg til, og ein er avhengig av scooter eller taxi for å bevege seg rundt. Som det aller meste i Uluwatu.




Naturen og landskapet er heilt unikt i Uluwatu, og det er der ein finner dei flotte strendene. Me besøkte blant anna Padang Padang beach og Dreamland Beach. Sjølv om strendene er veldig flotte er det ikkje hit du reiser for å bade. Faktisk bada eg ikkje her i det heile. Bølgene er på størrelse med fjell, og det passar seg absolutt best til surfing. Men soling derimot, det har ein mykje tid til her! Eit lite tips er å komme relativt tidelig på dei mest populære plassane for det fyller seg fort opp. Spesielt Padang Padang beach.


Ellers er Uluwatu ein veldig rolig plass. Folk er der somregel for å slappe av, på bryllupsreise eller for å surfe. Er du på tur for å feste eller på tur med vennegjengen ville eg heller kikka på ein anna destinasjon som base, og heller ta dagsturar til Uluwatu. Me blei derimot heilt forrelska, og angra på at me ikkje tok oss enda meir tid der. Ein ting er vertfall heilt sikkert, me skal tilbake eingang!

Følg med videre på del 2.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

IMG_6702

Det er ikkje så lenge sidan denne sprayen dukka opp i butikkane, og siden den gang har den vore eit MÅ HA produkt hos meg. Sprayen beskyttar mot forurensing og andre ytre miljøfaktorar som kan føre til tideleg aldring og sensitiv hud. I tillegg har den ein oppkvikkande effekt og den funkar perfekt som setting spray! Med andre ord ein perfekt bestevenn i kvardagen og med i veska.

Sprayen er fra merket REN som det siste året har blitt mitt favorittmerke. Av fleire grunnar. Dei har heilt fantastiske produkt, og prisen er veldig fin. Som student er det ein ting eg setter veldig stor pris på. Eg vil jo så gjerne ta godt vare på huden min, men samtidig har eg ikkje fleire tusen til rådigheit. Derfor er REN heilt magisk, der får eg nemleg gode produkt til ein pris som ikkje blakkar meg.

Du finner REN hos alle Fredrik & Louisa og diverse apotek.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Endeleg eit pust i bakken, og tid til blogg!

Det er så mykje som har skjedd dei siste månadane så eg veit nesten ikkje kor eg skal begynne. I mai jobba eg veldig masse med skule og hadde fem eksamena, samtidig som butikken eg jobba i blei nedlagt, og alt skulle pakkast ned. Med andre ord ein veldig travel månad. I juni reiste me til Bali, og der endte me faktisk opp med å vere i 20 dagar. I tiden etter Bali har me vore heime i Sogn, på roadtrip rundt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, på hytta på Jomfruland, og no er eg tilbake i Sogn igjen. Det har vore veldig kjekt, men også veldig travelt. Eg trur me har sove i leiligheiten maks fire netter sidan juni, så no kjenner eg at det skal bli godt med ei rolegare tid framover.

Det som derimot er positivt med at det har vore lite lyd av meg den siste tida er at eg har mykje å ta igjen. Alt fra oppholdet vårt på Bali, anbefalingar, tips&triks, reisemål i Norge og enda meir. Så følg med vidare!

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

I begynnelsen av mai var eg så utruleg heldig at eg fekk reise til London med REN i samarbeid med jobben. Me hadde noken heilt fantastiske dagar med jobb, hygge og god mat! Det er ein del år sidan eg besøkte London sist, og eg hadde nesten gløymt kor utruleg fin og sjarmerande byen er. For London er verkeleg ein sjarmerande by, med både masse å gjer og sjå. Så eg har allerede bestemt meg at eg må tilbake snart.




Me budde på Henrietta Hotel, og herregud for eit kult, gjennomført og fint hotell! Dei hadde faktisk ikkje opna for booking enda når me budde der, så eg var den første som overnatta på rommet. Kor kult er ikkje det? Sjølve rommet var så utruleg lekkert og gjennomført, og badet var som ein draum. Heilt magisk! Hotellet låg ca to minutt fra Covent Garden, så plasseringen var heilt fantastisk.





Det vart ikkje så mykje tid til verken shopping eller turistattraksjonar, men det gjorde faktisk ingenting. Me hadde det så hyggeleg med REN, og dei hadde laga eit heilt supert program for oss. Me blei introdusert for nyheitane som kjem framover, og her har me alle noke å glede oss til! Det kjem ein ny serie for kropp, og den er heilt fantastisk. Me var så heldige å få med oss både body lotion, skrubb og dusjsåpe heim, og eg er forelska allerede. Produkta er rett og slett fantastiske!

4D2BAE63-17D8-4B76-AB03-4F2006803610

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest