Nobis Hotel

Midt i Stockholm finner du ein skatt av eit hotell. Eit hotell som vil gi deg ein magisk opplevelse fra start til slutt. Eg snakkar om Nobis Hotel. Hotellet som ein gang i tiden var banken på Norrmalmstorg der namnet Stockholmsyndromet oppstod. Hotellet som kan fortelle deg spenannde historiar og unike opplevelsar. Hotellet som er så vakkert at du er usikker på om du er med i ein film, eller eit eventyr. Hotellet du rett og slett ikkje vil sjekke ut i fra. 

Så i desember når eg og Mats skulle booke hotell i Stockholm var det ingen spørsmål eingang. Det måtte bli Nobis. Heile hotellet er så utruleg gjennomført og vakkert! Alt fra interiør til service og til dei små detaljane. Dei små detaljane som setter prikken over i’en. Det første som møtte oss når me opna døra inn til rommet vårt var ein fantastisk velkomst med eit hyggeleg brev, ei flaske champagne og eit lekkert fruktfat! Gjett om me blei både overraska og glade!

Romma er klassiske, stilreine og veldig gjennomførte, i likheit med resten av hotellet. Her også snakkar me om dei små detaljane. Slik som bøker om både hotellet og gruppa “designhotels”, der ein kan drømme seg vekk blant unike hotell i heile verden. Eller at på kvart rom henger det ein liten engel på veggen(ser du den?).

Det er spesielt to ting med dette hotellet som stikker seg ut. Den første av dei er den unike og veldig vakre loungen. Har du sett noke så vakkert før? Verkeleg den perfekte plassen for å slappe av etter ein lang dag på shopping eller for å nyte eit glas vin eller ei spennande øl før middag. Me kunne fort ende opp å sitte her i mange timar. Så avslappande og fint!

Eg har også hørt rykter om at baren på hotellet (The Gold Bar) severer noken av dei beste drinkane i byen, så det må eg sjekke ut neste gang.


Den andre tingen som stikker seg ekstra ut er den magiske trappa. Første gang eg gjekk opp trappa var eg sikker på at eg var med i ein film eller eit eventyr. Eit veldig magisk og fint eventyr i såfall. Denne gangen hadde dei pynta med eit juletre nederst, og det gjorde det heile enda meir fint, om muleg. I fra trappa vil du også kunne sjå ned til loungen.


Etter eit fantastisk opphold, og ein super start på det nye året gledar eg meg veldig til å besøke både Stockholm og dette vakre hotellet igjen. Ein kort togtur unna Oslo gjer Stockholm til det perfekte reisemål for ei helg med kjæresten, venninna eller mor, og kva er vel bedre enn å kunne bu midt i smørauga på eit hotell som både gir deg ein spesiell opplevelse og følelsen av luksus og historie?

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *