Mirakelkrem

Er det eit produkt eg alltid må ha med meg, uansett kvar og kva eg skal, så er det Eight Hour Cream – Skin Protectant. Den er med i veska, den er med i sekken på fjelltur og den er alltid med på reise. Er det eit produkt som kan fikse det aller meste, ja så er det denne kremen her.

Har du tørre og sprukne lepper? Tørre hender? Tørre flekker i ansiktet? Små brannsår? Svake negler? Tørre føtter? Eller er du solbrent? Denne er svaret på dei alle. Den skal beskytte, gi fuktigheit, lindre og den har ein betennelsedempande effekt. Med andre ord: eit mirakelprodukt. Eit anna lite tips er at den er supergod til å forme bryn med.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *