Ei magisk helg i ein tretopp

Eg reknar med du har sett dei veldig populære tretopphyttene rundt om i verda på instagram, men visste du at me har ei slik i Norge også? Ein to timars køyretur ut av Oslo finner du Fosstopp. Ei tretopphytte seks meter over bakken. Midt inne i skogen. Langt vekke frå både bråkande trikkar, bilsus og naboar. Her er den einaste lyden elva som vakkert renner forbi hytta.

_MBB43655

Eg og Mats kom fram seint fredags kveld. Litt slitne, litt trøtte, men veldig spente. Me hadde jo aldri vore på ein sånn plass før, så kva var det eigentleg som møtte oss? Korleis ville dette bli? Det første ordet som datt ut av munnen min når me gjekk ut av bilen var “wow”. Eg trur det var både det andre og tredje ordet som kom ut av munnen min også. For ein plass, og for ei hytte!

solnedgang (1 of 1)-60Hytta blei bygd i 2017, og er både moderne og gjennomført. Ein ting som er veldig spesielt med denne hytta er at du faktisk ikkje trenger å bevege deg ut for å verken lage mat eller gå på toalett, noke ein gjerne må andre plassar. Her har dei nemleg ei hytte med både eit moderne kjøkken, bad med både toalett og dusj, ein hems med sengeplassar til tre, og ei stove med både sofaplass og sovealkove med dobbelseng. Me hadde med andre ord rikeleg med plass!

solnedgang (1 of 1)-50

Like nedafor hytta finner du eit kosleg område med sitteplass og bålpanne, og det samme finner du på verandaen som strekker seg rundt hytta. For oss som bur i ein trang leiligheit i Oslo utan veranda var dette luksus, og blei sjølvsagt utnytta på beste måte med grilling av marshmallows under stjernehimmelen. Kvardagsmagi kallar eg det!

Processed with VSCO with a4 preset

Med i prisen av hytta får ein to spark på lån, og det var faktisk så sinnsjukt gøy. Sist eg satt på ein spark var eg sju år gammal, og bakpå stod besta. Lange bakkar utan trafikk = luksus for ein på spark. Både eg og Mats såg ut som to tullingar der me for, men me kunne ikkje hatt det kjekkare.

IMG_2149_Facetune_09-03-2018-22-05-22

Utanom å suse gjennom det vakre landskapet på spark, spele ludo, og ete mat bestod helga vår stort sett av å slappe av, sove og å faktisk berre nyte den fantastiske utsikta fra hytta. Perfekt for eit avbrekk, perfekt for å tilbringe tid i lag, og perfekt for å faktisk kjenne at skuldrane senka seg. Eg spurte Mats fleire gangar på søndagen om me måtte tilbake til Oslo, og hadde det ikkje vore for jobb og studie så er eg sikker på at me hadde vore der enda. Ja så lenge bankkortet blei godkjent.

IMG_2073_Facetune_03-03-2018-20-11-15

Fosstopp er perfekt for deg som vil ha ein pause fra kvardagen. For deg som vil oppleve noke nytt, slappe av, og faktisk berre nyte livet litt. Anten om det er med kjæresten, familien, eller ein gjeng venner. Ein ting er eg vertfall heilt sikker på, og det er at du kjem til å ha verdens beste veke, eller helg.

IMG_2099_Facetune_08-03-2018-09-46-47

Eg vil allerede tilbake!

Follow my blog with Bloglovin

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

2 Kommentarer

  1. Sunniva
    12. mars 2018 / 08:31

    Ser helt nydelig ut! Dit vil eg og :D
    Håper dere hadde en bra helg <3

    • monicaflatland
      14. mars 2018 / 13:44

      Tuusen takk <3 Me hadde det heilt supert, og du MÅ dit eingang<3 Anbefalast på det sterkaste!

      Ha ein strålande dag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *