København – Skandinavisk favoritt

Du trenger ikkje reise langt for å kjenne på storby følelsen. Under ein time på fly, eller litt fleire timar på eit tog. Eg har gjort begge. Eg snakkar sjølvsagt om den skandinaviske favoritten København. Byen du kan ete deg gjennom, sykle fra a til å,  eller å shoppe til banken ringer å lurer på den unormalt høge aktiviteten. Spesielt no som dei tilbyr både Saint Laurent, Chloe, Celine, Fendi,  LV og Chanel. København har noke for alle. 

Where to stay

København har eit stort utvalg av hotell, så her har ein nok å velge mellom. Guldsmeden har mange fine hotell rundt om i byen, blant anna Babette som ligger idyllisk til eit steinkast unna Den Lille Havfrue. Romma er sjarmerande, maten er økologisk og stemninga er super. Heisen er ein opplevelse i seg sjølv. Ellers vil eg anbefale Nobis, SP34 og SKT.PETRI.

Where to eat and drink

Kanskje det aller beste med København. MATEN! Dette er absolutt byen for deg som er glad i mat, og setter pris på ulike mat-opplevelsar.

Cocks and Cows

Om du er glad i ein digg burgar, og salte fries er dette absolutt plassen for deg. Lokalet er kult, stemninga er god, og det er faktisk ein bar / lounge i etasjen under. Heilt perfekt mens ein venta på bord, eller for å slappe av litt etter maten.

Fiat

Denne italienske restauranten har blitt ein stor favoritt. Maten er heilt super, servicen er god og lokalet er lekkert fra a til å. Her er det lurt å bestille bord da det somregel alltid er fullt. Capresen er her eit must!

42RAW

Vil du starte dagen med eit sunt og digg måltid er dette plassen. Dei tilbyr ein “brunch” der du får ein tallerken med diverse godsaker. Søtpotetfries, pannekaker, brød og enda meir. Dei har i tillegg fantastiske juicar. Barcelona er min favoritt!

Strøm Bar 

Ein liten sjarmerande bar som er verdenskjent for sine spesielle og gode drinka. Baren er litt som ei skjult perle, ned i ein kjellar og inn ei lita dør. Stemninga er hyggeleg, servicen er god og drinkane like gode.

Bistro Royal

Ein perfekt spot for ein digg frukost eller lunch. Her kan du velge mellom avokadotoast, yogurt, kombinasjonar med litt av alt, eller eit hav av ulike rettar med egg. Lokalet er lekkert og veldig gjennomført.

Andre tips

Restaurant Pluto, Madklubben bistro, Ristorante Italiano, Fars Dreng, Mother, Stick’n sushi, Karma sushi, Barburrito og R vinbar.

What to do

Tivoli

Eg veit ikkje kor mange gangar eg har vore på Tivoli, men det er faktisk eit MUST. Stemninga er super, det er masse gøy å både gjer og sjå på, og ein kan lett slå av ein heil dag her. Anten om det er å ta alle karusellene, prøve å vinne ein bamse eller å berre nyte sola som steiker i ansiktet på ein benk.

Nyhavn

Nyhavn er alltid veldig hyggeleg, og veldig sjarmerande. Om det så er å berre rusle rundt, ta seg eit glas vin i sola, eller å sitte på bryggekanten å nyte ein is i sola. Ein kan ikkje besøke København uten ein tur innom Nyhavn. Ta med kamera er mitt beste tips, for denne plassen her er veldig insta-vennlig!

Rosenborg Slott

Eit vakkert slott med ein veldig vakker hage rundt. Her kan du anten rusle rundt, eller pakke med deg eit pledd, litt mat og drikke, og sette deg ned i parken rundt. Danskane er jo så utruleg flinke til det, og stemninga er alltid topp!

Rundetårn

Vil du ha ein super utsikt over byen? Da er det runde tårnet svaret! Her får du ein fantastisk utsikt, og eit hyggeleg avbrekk i shoppingen. Tårnet ligger midt i byen, og er perfekt for eit kort stopp. Dei pleier også å ha ulike utstillingar der, så det kan vere hyggeleg å få med seg.

Den Lille Havfrue

Om du ikkje har noke i mot å stå i kø for å sjå ein attraksjon, da burde du sjekke ut den lille havfrue. Skulpturen er basert på H.C.Andersens eventyr, og er verdenskjent! Noke du absolutt vil merke når du står der. Her er det krig om å komme nærmest og å få det beste bilde. Det er jo nesten ein opplevelse i seg sjølv det også.

Botanisk Have

Å gå rundt i dei ulike drivhusa er ein fryd for auga, og her kan ein lett surre vekk mange timar. Du vil finne alt fra vakre blomster til kjøttetende planter. Om sola står på himmelen, og temperaturen er god, er dette den perfekte plass for å slappe av med ei bok. Parken ligger veldig sentralt til, og er ein hyggeleg opplevelse – for både liten og stor!

Dyrehaven

Ein kort togtur ut av byen ligger Dyrehaven. Eit stort område med over 2000 dyr. Her kan du sjå både kronhjort, dådyr og sikahjort. Eit perfekt avbrekk fra byen, og ein litt anna opplevelse. I tillegg er det veldig spesielt å få bevege seg så nærme alle dyra som går rundt fritt.

Where to shop

Illum

Eit varehus med stort utvalg av både kosmetikk, klær, vesker og alt ein skulle ønske. Du finner både Fendi, Celine, Chloe, Jimmy Choo, Proenza Schouler, Furla, Marc Jacobs og enda meir her. Beauty avdelingen er min store favoritt, og her finner du merker som du gjerne ikkje finner så lett andre plassar, blant anna Nars og Hourglass.

Sephora

Det er alltid eit must å stikke innom Sephora når eg er på reise, og her finner ein blant anna Fenty Beauty, Huda beauty, Kat Von D Beauty, Nars og ein del koreanske merker.

Moss Copenhagen

Dette er ein av mine favorittar, og sjølv om me har fått butikken her i Oslo også er det veldig hyggeleg å stikke innom. I tillegg til klær har dei eit stort utvalg av smykker til ein veldig fin pris!

Envii

Ein veldig kul butikk med mange veldig lekre og freshe plagg til ein fin pris!

Bakkekilde Vintage

Her finner du vakre lukseriøse skattar. Chanel veskene henger på rekke og rad, og du kan gjerne velge mellom fire ulike Hermes vesker også. Eg pleier alltid å stikke innom, stå å sikle, for å så gå ulykkelig ut igjen. Eg trur nesten han mannen som jobbar der kjenner meg igjen snart.

Magasin Du Nord

Eit stort magasin med eit supert utvalg av det meste. Eg kan surre rundt i beuty avdelingen i fleire timar(til alle sin store frustrasjon), og når eg endeleg har komme meg vekk derfra dukkar alle dei fine smykkene opp. Her kan du kjøpe alt du trenger, og enda meir.

Fortell meg gjerne om dine København tips! 

 

 

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *