Green Peel Energy

Reklame / sponsa behandling hos Eger Skin Clinic

Eg har alltid vore veldig opptatt av å ta vare på huden min, men etter eg flytta til Oslo har eg fått enda meir fokus på det. Rett og slett fordi huden min har forandra seg ein god del. Enda meir sensitiv, ein del utslett og større porer. Det er nok eit resultat av både stress, søvn og forurensing. Eg tippa veldig mange kan kjenne seg igjen i det eg skriver. Både studentar, småbarnsforeldre og generelt dei fleste med ein travel kvardag.

Når ein har sensitiv hud er det ikkje alltid så lett å finne verken produkt eller behandlingar som funkar. Ofte er ting for aktive og ein får ein reaksjon, mens andre gangar er produkta så milde at dei rett og slett ikkje har effekt. Det handlar om å finne den perfekte mellomtingen. Det som er effektivt, men ikkje for aktivt, og det som ikkje triggar den sensitive huden.

Reddninga mi har blitt ein behandling som heiter Green Peel. Green Peel er ein 100% naturleg peeling, utan kjemiske virkestoff som irriterar huden. Green Peel behandlinga kjem i tre forskjellige styrker. Green Peel Fresh Up, Green Peel Energy og Green Peel Classic. Eg har tideligare tatt den mildaste av dei, Fresh Up, men etter litt hjelp fra flinke Justyna på Eger Skin Clinic fant me ut at eg kunne prøve Energy. Den er enda meir effektiv enn Fresh Up, og spesielt på akne, pigmentflekkar og porer. Perfekt for meg med andre ord!

Sjølve behandlinga tar kun nokre minutt i salongen, men ingrediensane vil fortsette å jobbe i huden din etterpå. Så samme dag skal ein gjerne unngå å trene, og å dusje. Ein kan også oppleve å flasse lett dei neste dagane, men så lenge ein gjer som hudpleiaren anbefalar, og brukar produkta ein får med seg er dette ikkje noke ein treng å tenke så mykje på. Eg flassa litt på haka, men det var det kun eg sjølv som la merke til. Det ein derimot legger godt merke til er den utruleg fine gløden ein får. Alle som har tatt Green Peel veit kva eg snakkar om. Det første eg fekk høyre når eg kom på jobb dagen etterpå var kor utruleg fin glød eg hadde. Den gløden må opplevast!

Etter behandlinga får ein med seg eit kit med produkt som ein skal bruke dei neste dagane. Eg brukte desse produkta fram til dei gjekk tomme, og likte dei alle overraskande godt. Så godt at eg planlegger å kjøpe dei i full størrelse. Blemish Balmen har eg derimot brukt fast sidan eg tok Green Peel for første gang for to år sidan. Så den har eg både i stor størrelse, mellom-stor størrelse og no ein mindre. Eg brukar den istadenfor foundation, og synst den er heilt fantastisk. Den gir ein lett dekk, og verdens finaste glød. Eit anna stort pluss er at den er anti-inflammatorisk, og veldig beroligande. Det er sånt som me med sensitiv hud ropar hurra for!

I tiden etter Green Peel Energy behandlinga har eg faktisk merka stor forskjell på huden min. Hudtonen har blitt mykje jevnare, eg har meir glød, og eg har ikkje hatt særleg med kviser i tiden etterpå. I tillegg er porene mine ikkje så synlege som før. Det er noke eg setter stor pris på! Ein anna veldig positiv ting med Green Peel er at behandlinga virkar styrkande på huden.

Green Peel er ein behandling som er perfekt for alle hudtypar og problem, rett og slett sidan den finst i forskjellige styrker. Eg vil likevel anbefale å snakke med ein hudpleiar først, om kva slags hudtype og ønsker ein har. På den måten kan ein i lag sette opp eit program som gir best mulig effekt. Eg er veldig glad for at eg har fått så god hjelp av Justyna på Eger Skin Clinic. Ikkje berre er ho super dyktig på behandlingane, men ho er så sjukt flink til å faktisk forklare kva ho driver på med, om produkt, ingrediensar og om huden vår. Dette er første gang eg har opplevd at ein hudpleiar har gjort, og det satte eg veldig stor pris på. Eg elskar jo å lære meir om huden vår, og spesielt om min eigen.

Så om du vil unne deg litt luksus i kvardagen utan å tømme lommeboka, eller om du trenger litt hjelp i forhold til huden din kan eg med handa på hjerte anbefale både Justyna og Eger Skin Clinic. Eit perfekt avbrekk i ein travel kvardag, og ein gjeng med superdyktige mennesker som meir enn gjerne vil hjelpe deg. I tillegg elskar eg både lokalet og plasseringen!

Les gjerne meir om Green Peel her.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *