Fire favorittar

1. Little Lotus, Camilla Pihl by David Andersen. Eg har vore forelska i dette smykket siden kolleksjonen kom ut, så gjett om eg blei glad når det låg å venta på meg under juletreet. Smykket er ikkje berre utruleg flott å sjå på, men det har også ein utruleg fin symbolikk som eg kan relatere meg til på mange måtar.

«Jeg ble veldig inspirert av sitatet No Mud, No Lotus da jeg lagde kolleksjonen min. Flere av smykkene har en lotus i seg og for meg er det en reminder på at man alltid kommer seg gjennom tøffe og tunge tider. En lotus før den springer ut i blomst ligger nede i mørket langt ned i gjørmen før den strekker seg mot lyset og springer ut i full blomst. Jeg synes det er så vakkert og det ligger veldig mye symbolikk i den blomsten.»  – Camilla Pihl.

2. Dream Skin – Perfect skin cushion, Dior. Denne her blei eg introdusert til av ei dyktig jente fra Dior, og siden den gang har eg vore heilt forelska. Eit magisk produkt som er ein mellomting mellom eit hudpleieprodukt og makeup. Det inneholder 80% hudpleie, og 20% makeup. Ein kan gjerne forklare produktet som ein lett foundation som gir supermasse fuktigheit og glød, samtidig som den skal hjelpe mot porer og ujevnheiter i huden. Den inneheld også spf 50 som er veldig viktig for å beskytte huden best og mest mulig.

3. Zazou – Le soft perfume, Sabe Masson. Dette er eit ganske nytt og spenannde produkt for mange, for dette er ikkje ein vanleg parfyme ein skal spraye på. Denne kjem i stift/stick form, og skal forsiktig smørest på. Gjerne på nakken, handleddet eller bak øyrene. Genialt, ikkje sant? Ein anna ting som er fantastisk med desse er at dei er så lette å ha med seg i veska, og det er heller ingen fare for å ende opp med ein knust parfyme i kofferten etter ferieturen. Det trur eg me alle har opplevd. Dei kjem i mange forskjellige dufter, men den som heiter Zazou er ein av mine absolutt favoritter. Ein perfekt mellomting mellom søt, frisk og leiken.

4. Zazou – Les Baumes, Sabe Masson. Dette er ein hand & kroppskrem med samme duft som parfymen, min favorittduft. Sjølv om det står at den kan brukast på kroppen også, begrenser eg den til hendene, rett og slett fordi eg ikkje vil bruke den opp så fort. Den er fri for silikon og parabener, men inneheld derimot pleiande og naturlige stoffer i likheit med parfymen. Den luktar himmelsk og gjer dei tørre vinterhendene mine mjuke og gode.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>