Fint lite tips <3

I Hellas for ein del år tilbake kjøpte eg denne handlaga skåla. Den har lenge stått til pynt, men den siste tiden har den faktisk fått gjort seg til nytte, som eit sjarmerande lite «smykkeskrin». Her oppbevarar eg dei fleste kvardagssmykkene mine. Dei ein gjerne tar på seg like før ein går ut døra, og av seg når ein kjem inn igjen.

Ein perfekt måte å oppbevare smykkene på, samtidig som det gir litt pynt til rommet. Så skal eg heller ikkje legge skjul på at for ein rotekopp som meg(som tar av seg smykkene og legger dei på tusen forskjellige plassar) er dette heilt fantastisk. Eg kan ikkje telle kor mange gangar eg har hatt hjerte i halsen fordi eg ikkje har funne Hermes-armebandet mitt, eller den eine eller andre ringen.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>