Drømmedag med Steen og Strøm

Du veit alle dei konkurransane på instagram der ein kan vinne ved å tagge ein venn? Dei konkurransane ein gløymer litt rett og slett fordi ein aldri vinner? I forrige veke skjedde nettopp det utrulige. Eg og bestevenninna mi vant nettopp ein sånn konkurranse. Ein drømmedag med Steen og Strøm under Oslo Runway!



Marlen kasta seg på natttoget fra Bergen, og me hadde verdens beste døgn i lag. Me starta dagen med å velge oss ut eit antrekk fra Line of Oslo på Steen og Strøm, og seinare venta både makeup, lunch og fiksing av hår av Adam og Eva. Eg trur me begge følte oss som verdens heldigaste jenter der me satt. Når me var ferdig styla rusla me bort på Sentralen der den første visninga til Line of Oslo venta. Det var også min første motevisning, så eg visste ikkje heilt kva eg skulle forvente. Den eine etter den andre moteprofilen dukka opp, og rekkene fyllte seg med velkledde og spennande mennesker. Lyset gjekk av og ut kom vakre jenter med like vakre antrekk.




Visninga var veldig fin og over all forventning, og eg gledar meg allerede til kolleksjonen kjem ut i butikk. Eg har nemleg sett meg ut både to og tre ting eg gjerne vil ha. Etter visninga rusla me tilbake til Grünerløkka, og tilbrakte resten av kvelden på favorittplassen, Villa Paradiso.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>