Christmas <3 Tips

Me har vel alle gått der, inn og ut av butikk etter butikk heilt blank på kva ein skal kjøpe. Eg har vertfall gått der, meir enn ein gang også. Heldigvis har eg blitt litt klokare etter nokre år i butikkbransjen, om det kjem av at eg stadig må hjelpe kundar til å finne julegaver til sine eller om det er fordi eg jobbar i eit paradis er litt usikkert. Ein ting er eg vertfall sikker på, og det er at dei aller fleste blir ekstremt glade for produkt som får ein til å føle seg litt bedre. Om det så er ein ny spennande duft, ein god krem eller ein ny leppestift som får oss til å stråle litt ekstra.

Ein sikker vinnar uansett om det er gave til ei venninne, mor, søster, tante, bestemor, eller kjæresten er gode kroppsprodukt. Alt fra body lotion, dusjsåpe, skrubb, oljer, eller andre spennande produkter. Ofte får ein kjøpt sånne produkt i fine gavepakningar no før jul, men eit anna lite tips kan vere å sette sammen sin eigen gavepakning. Kjøp produkta du vil ha, kjøp med ein fin gavepose eller ein kul gaveboks fra Søstrene Grene, og vips så har ein plutseleg ein veldig fin og spesiell gave.

På bildet over har eg satt saman tre fantastiske produkt fra Declare, ein body spray, body cream og verdens beste body oil. Kanskje dette kan vere eit fint forslag til ein julegave? Eg hadde vertfall blitt superglad!

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *