Reklame(sponset produkt)

For ein månad tilbake blei eg introdusert for nyheitane til Bare Minerals, og wow så mykje spennande og fint som kjem framover! Ein av dei tinga som stakk seg spesielt ut var øyenskyggane.

I desse dagar lanserar Bare Minerals nemleg fire nye palettar, og dei er ingenting anna enn fantastiske. Vakre fargar, god pigmentering og ein super konsistens. Som om det ikkje er nok kjem dei også i eit heilt nydeleg etui. Så her får du med andre ord ikkje berre ein lekker øyenskygge, men også eit lite smykke på baderommet.

Dei fire palettane heiter Copper, Latte, Rose og Neutral, og namnet forklarar ganske bra korleis fargar og tonar ein kan forvente seg. Min favoritt er den på bildet over, “Latte”. Nydelige varme tonar som passar perfekt til alle årstider og anledningar. Like fin til kvardag som til fest. Kjenner eg meg sjølv rett kjem eg til å kjøpe den som heiter “Copper” også. Den går enda litt meir i rødt og rosa, og er veldig lekker mot høsten.

Desse auge padsa fra SNP har blitt min store reddning. Du veit dei morningane du står opp, og du får eit lite sjokk når du ser deg sjølv i spegelen? Der det ser ut som du ikkje har sovet på ei veke? Nei? Isåfall er du veldig heldig. Hos meg skjer det desverre veldig ofte. Reddningen min har blitt desse fantastiske padsa. Dei gir meg masse fuktigheit og pleie, samtidig som dei er avkjølande. Perfekt for å dempe den hevelsen ein gjerne har rundt auga på morningen, og for å mette ut huden sånn at dei fine linjene blir mindre synlige. Prøv dei, og eg kan love deg at du er solgt etter nokre minutt.

Reklame / sponsa behandling hos Eger Skin Clinic

Eg har alltid vore veldig opptatt av å ta vare på huden min, men etter eg flytta til Oslo har eg fått enda meir fokus på det. Rett og slett fordi huden min har forandra seg ein god del. Enda meir sensitiv, ein del utslett og større porer. Det er nok eit resultat av både stress, søvn og forurensing. Eg tippa veldig mange kan kjenne seg igjen i det eg skriver. Både studentar, småbarnsforeldre og generelt dei fleste med ein travel kvardag.

Når ein har sensitiv hud er det ikkje alltid så lett å finne verken produkt eller behandlingar som funkar. Ofte er ting for aktive og ein får ein reaksjon, mens andre gangar er produkta så milde at dei rett og slett ikkje har effekt. Det handlar om å finne den perfekte mellomtingen. Det som er effektivt, men ikkje for aktivt, og det som ikkje triggar den sensitive huden.

Reddninga mi har blitt ein behandling som heiter Green Peel. Green Peel er ein 100% naturleg peeling, utan kjemiske virkestoff som irriterar huden. Green Peel behandlinga kjem i tre forskjellige styrker. Green Peel Fresh Up, Green Peel Energy og Green Peel Classic. Eg har tideligare tatt den mildaste av dei, Fresh Up, men etter litt hjelp fra flinke Justyna på Eger Skin Clinic fant me ut at eg kunne prøve Energy. Den er enda meir effektiv enn Fresh Up, og spesielt på akne, pigmentflekkar og porer. Perfekt for meg med andre ord!

Sjølve behandlinga tar kun nokre minutt i salongen, men ingrediensane vil fortsette å jobbe i huden din etterpå. Så samme dag skal ein gjerne unngå å trene, og å dusje. Ein kan også oppleve å flasse lett dei neste dagane, men så lenge ein gjer som hudpleiaren anbefalar, og brukar produkta ein får med seg er dette ikkje noke ein treng å tenke så mykje på. Eg flassa litt på haka, men det var det kun eg sjølv som la merke til. Det ein derimot legger godt merke til er den utruleg fine gløden ein får. Alle som har tatt Green Peel veit kva eg snakkar om. Det første eg fekk høyre når eg kom på jobb dagen etterpå var kor utruleg fin glød eg hadde. Den gløden må opplevast!

Etter behandlinga får ein med seg eit kit med produkt som ein skal bruke dei neste dagane. Eg brukte desse produkta fram til dei gjekk tomme, og likte dei alle overraskande godt. Så godt at eg planlegger å kjøpe dei i full størrelse. Blemish Balmen har eg derimot brukt fast sidan eg tok Green Peel for første gang for to år sidan. Så den har eg både i stor størrelse, mellom-stor størrelse og no ein mindre. Eg brukar den istadenfor foundation, og synst den er heilt fantastisk. Den gir ein lett dekk, og verdens finaste glød. Eit anna stort pluss er at den er anti-inflammatorisk, og veldig beroligande. Det er sånt som me med sensitiv hud ropar hurra for!

I tiden etter Green Peel Energy behandlinga har eg faktisk merka stor forskjell på huden min. Hudtonen har blitt mykje jevnare, eg har meir glød, og eg har ikkje hatt særleg med kviser i tiden etterpå. I tillegg er porene mine ikkje så synlege som før. Det er noke eg setter stor pris på! Ein anna veldig positiv ting med Green Peel er at behandlinga virkar styrkande på huden.

Green Peel er ein behandling som er perfekt for alle hudtypar og problem, rett og slett sidan den finst i forskjellige styrker. Eg vil likevel anbefale å snakke med ein hudpleiar først, om kva slags hudtype og ønsker ein har. På den måten kan ein i lag sette opp eit program som gir best mulig effekt. Eg er veldig glad for at eg har fått så god hjelp av Justyna på Eger Skin Clinic. Ikkje berre er ho super dyktig på behandlingane, men ho er så sjukt flink til å faktisk forklare kva ho driver på med, om produkt, ingrediensar og om huden vår. Dette er første gang eg har opplevd at ein hudpleiar har gjort, og det satte eg veldig stor pris på. Eg elskar jo å lære meir om huden vår, og spesielt om min eigen.

Så om du vil unne deg litt luksus i kvardagen utan å tømme lommeboka, eller om du trenger litt hjelp i forhold til huden din kan eg med handa på hjerte anbefale både Justyna og Eger Skin Clinic. Eit perfekt avbrekk i ein travel kvardag, og ein gjeng med superdyktige mennesker som meir enn gjerne vil hjelpe deg. I tillegg elskar eg både lokalet og plasseringen!

Les gjerne meir om Green Peel her.

Processed with VSCO with hb2 preset

Det beste med søndagar er at det endeleg er tid for avslapping og eigenpleie. For meg betyr det gjerne eit magasin, ein smoothie og ei god ansiktsmaske. Denne  maska fra Elisabeth Arden Pro fekk eg for første gang for to år sidan i gave fra kjæresten min, og har blitt ein av mine absolutte favorittar. Den gir masse fuktigheit, samtidig som den gjer huden både jevnare og smidigare. Det som skjer når ein brukar produkt som gir masse fuktigheit er at det mettar ut mellomhuden, som igjen vil redusere synlegheiten av rynker og linjer. Med andre ord heilt perfekt etter ei travel veke med både skule og jobb.

Bruk:

Påfør eit tjukt lag på nyrensa hud

La den virke i 10-20 minutter

Vask forsiktig av med vatn

Avslutt med din vanlege hudpleierutine. 

Den kan brukast 1-2 ganger i veka, eller alt etter behov, og passar for alle hudtypar. Til og med på min super-sensitive hud.

Det er ingen tvil om at eg elskar ansiktsmasker, og det var så kjekt når butikkane i Norge endeleg begynte å ta inn “dukmaskene”. Ansiktsmasker som ser ut som tjukke ansiktsservietter, og er både enkle og effektive. For la oss sei sannheiten her. Dess mindre styr, dess bedre, ikkje sant?

Processed with VSCO with c1 preset

Favorittane mine kjem fra merket MaskerAide. Maskene derfra er både effektive, fuktigheitsgivande, antibakterielle, skånsomme, og passar for min veldig sensitive og intolerante hud. Eit anna stort pluss er at maskene ikkje inneheld verken parabener, mineraloljer, skadelige fargar eller kunstige parfymestoff.

Processed with VSCO with c1 preset

MaskerAide har ni forskjellige produkt, til ni forskjellige behov. Eg har prøvd alle, og synst alle er superfine, men viss eg måtte velge ut to favorittar hadde det blitt maska som heiter Beauty Rest’ore og All Eyes On Me, gele-pads som skal brukast under augene.

Processed with VSCO with c1 preset

Beauty Rest’ore er maska for deg som trenger ein skikkeleg boost til huden. Den inneheld blant anna honning, vitamin E, argainolje og grønnalge. Alle ingrediensar som vil verke gjennoppbyggande, pleiande og gi masse næring. Eit anna pluss for meg er at denne maska faktisk verkar beroligande på huden min. Når ein har sensitiv hud får ein lett reaksjonar og utslett, og denne roa faktisk ned både rødheit og utslett.

Processed with VSCO with c1 preset

All Eyes On Me er mitt nye “must have” produkt. Gele-pads som du legger på området under augene, og er fuktigheitsgivande, oppstrammande og lysnande. Med andre ord perfekt for oss som sliter med permanente mørke ringar. Gele-padsa inneheld blant anna “100 Herb Complex” som består av 100 naturlige ingrediensar som i lag dannar eit skikkeleg boost til huden, med masse fuktigheit og næring. I itllegg til hyaluronsyre og rød ginseng. Eg pleier å legge pakken i kjøleskapet ei lita stund før eg skal bruke dei sånn at eg får den ekstra kjølande effekten.

Processed with VSCO with c1 preset

Detox Diva er maska for deg som trenger ein liten oppfriskning. Den vil verke rensande og eksfolierande, samtidig som den minskar store porer, absorberar overflødig talg og beskyttar huden mot frie radikaler. Den inneheld blant anna honning, argainolje, sjøalger, og ekstrakt fra grønn te. Den perfekte maska etter ei lang og travel veke, og fantastisk til å ha med på storbyferien.

Processed with VSCO with c1 preset

Pre Party Prep er produktet alle jenter og gutar burde ha i rutinen sin før fest, spesielle anledningar eller når ein vil føle seg litt ekstra fin. Maska inneheld blant anna olje fra appelsinskal, argainolje, honning og risekstrakt. Alle ingrediensar som vil jobbe med å gjennoppbygge huden din, gi ny energi og fuktigheit. Du påfører “duken” på nyvaska ansikt, lar den sitte i 10-20 minutter og avsluttar med din vanlege hudpleierutine. Deretter kan du påføre makeup, og ha ein morsom kveld på byen.

Maskene kostar 59 per stykk, og ein finner dei hos utvalgte parfymeri.