I begynnelsen av mai var eg så utruleg heldig at eg fekk reise til London med REN i samarbeid med jobben. Me hadde noken heilt fantastiske dagar med jobb, hygge og god mat! Det er ein del år sidan eg besøkte London sist, og eg hadde nesten gløymt kor utruleg fin og sjarmerande byen er. For London er verkeleg ein sjarmerande by, med både masse å gjer og sjå. Så eg har allerede bestemt meg at eg må tilbake snart.




Me budde på Henrietta Hotel, og herregud for eit kult, gjennomført og fint hotell! Dei hadde faktisk ikkje opna for booking enda når me budde der, så eg var den første som overnatta på rommet. Kor kult er ikkje det? Sjølve rommet var så utruleg lekkert og gjennomført, og badet var som ein draum. Heilt magisk! Hotellet låg ca to minutt fra Covent Garden, så plasseringen var heilt fantastisk.





Det vart ikkje så mykje tid til verken shopping eller turistattraksjonar, men det gjorde faktisk ingenting. Me hadde det så hyggeleg med REN, og dei hadde laga eit heilt supert program for oss. Me blei introdusert for nyheitane som kjem framover, og her har me alle noke å glede oss til! Det kjem ein ny serie for kropp, og den er heilt fantastisk. Me var så heldige å få med oss både body lotion, skrubb og dusjsåpe heim, og eg er forelska allerede. Produkta er rett og slett fantastiske!

4D2BAE63-17D8-4B76-AB03-4F2006803610

I påsken var eg og mamma i København, og for ein herleg by! Eg har vore der fleire gangar før, men eg føler meg aldri heilt ferdig med å utforske byen. Så å få enda bedre tid denne gangen passa meg heilt perfekt! Det aller beste med turen var nok å endeleg få litt kvalitetstid med mamma igjen. Det var både etterlengta og veldig nødvendig.

Me budde på Babette Guldsmeden, og det var heilt fantastisk. Hotellet har basert seg på eit økologisk / organisk konsept, og det var så utruleg kult og gjennomført. Maten var heilt fantastisk, romma var veldig unike og spesielle, og toalett-artiklane var så utruleg kule! Trur både eg og mamma blei veldig betatt av stilen, og alle dei gode såpene som du fant på rommet. I tillegg er plaseringen heilt fantastisk. Eit par minutt fra Den Lille Havfrue, og ca 7-8 minutt til Nyhavn, maks.



Sidan me valgte å reise midt i påsken var det meste av butikkar stengt stort sett kvar dag, men det passa oss faktisk heilt perfekt! Eg trur me alle har opplevd å gå i den fella med at 80 % av tiden har gått vekk til å rusle rundt i butikkar. Denne gangen fekk me derimot sjå og oppleve litt andre ting, slik som Dyrehaven. Dyrehaven er eit skogsområde litt utanfor sentrum, og der kan ein både rusle på tivoli, vere med på ridetur, eller rusle innover skogen og sjå det fine slottet, og alle hjortane som bur der. Veldig fin og spesiell opplevelse, og ein perfekt pause fra byen.



Ellers er det veldig mykje fint å sjå og gjer i sjølve byen. Den botaniske Have, Tivoli Nyhavn, Rosenborg Slot, Det Runde Tårn, Kastellet, Kongens Have, Strøget og enda meir. Sjølv er eg veldig glad i å faktisk berre rusle rundt i byen. Så mange fine og sjarmerande gater.

Ein anna ting som eg gjerne vil anbefale er Copenhagen Street Food. Det er ein fabrikkhall som har blitt gjort om til ein stor mathall, og du finner allslags mat der. Der kan du kjøpe litt av alt, ein god drink eller ei øl, og sette deg ned og berre nyte livet ei stund. Veldig kult konsept, og fine prisar!






Ein av dei tinga som eg synst er heilt fantastisk med København, sett vekk i fra alt det eg nettopp har skrevet, er all den gode maten. Ein av favorittane mine er 42RAW. Ein veldig populær plass med veldig god mat! Her snakkar me veldig “instagramfood”. Me bestilte “brunch” og det er ein tallerken med miks av forskjellige rettar. Pannekaker, søtpotet fries, brød, avokado, musli og enda meir. Med andre ord, ein perfekt start på dagen! Når det kjem til middag endte me faktisk opp med å ete på hotellet to av kveldane, så det var ikkje så mykje me rakk å prøve ut der. Det me derimot rakk var den italienske restauranten Fiat. Ekstremt god mat, bra service og veldig sjarmerande og fint lokal. Eit must er å bestille Caprese til forrett. Det er uten tvil den beste eg har fått servert. Til hovudrett åt me begge pasta, og det supergodt!

I tillegg til desse har er fått anbefalt Mad & Kaffe, Grød, Pluto, Madklubben Bistro, Kødbyens Fiskebar og Aamanns. Så dei skal eg definitivt sjekke ut neste gang!

Hurra hurra for alle vakre og sterke kvinner!

Kvinnedagen er ein dag for feiring, men også ein påminnelse om at me fortsatt har ein veg å gå, spesielt enkelte plassar og for å ikkje snakke om andre land. Likevel er kvinnedagen for meg ein dag der ein skal minne kvarandre på kor viktig det er at me støttar kvarandre, løftar kvarandre opp og står i lag. For tenk så sterke og bra me er i lag. Så jenter, la oss bli enda flinkare til det <3

Etter å ha budd i Oslo i 1,5 år no føler eg meg litt klar for å begynne å fortelle litt om mine favorittar og favorittplassar. Det er sjølvsagt veldig mange spennande plassar eg ikkje har prøvd ut enda, men her er vertfall fem favorittar i byen når det gjelder mat.

1. Delicatessen.

Er du gira på tapas er dette absolutt plassen å gå. Dei har tre restauranter her i Oslo om eg ikkje tar feil, men me er alltid på den på Grünerløkka. Både fordi det er ein kort spasertur unna, og fordi ein ikkje kan booke bord der. Med andre ord perfekt for oss som finner ut at ein vil ete ute i siste liten. Du risikerar gjerne litt venting, men da kan ein anten sitte ute med eit glas vin, sitte i baren eller rusle litt rundt i nærområde. Maten er heilt fantastisk, og dei har eit godt utvalg. Stemninga er intim og koselig, og servicen er alltid toppers!

2. Taco Republica.

Verdens beste taco! Taco Republica serverar taco på den ekte – meksikanske måten, og det er heilt magisk. Ein bestiller gjerne 2-3 per stykk, med ulike “toppingar”. Eg elskar den med kylling, og den med både chorizo, kylling og storfe(?).  I tilegg til veldig bra mat har dei også spennande drinkar. Her vil eg gjerne anbefale å booke bord da det ofte er veldig fullt.

3. Villa Paradiso

Byens beste pizza? Me bur desverre litt for nærme Villa Paradiso, så her blir det ofte eit besøk eller take-away! Pizzaen er fantastisk, og det samme er både frukosten og lunchen dei serverar. Eg vil gjerne anbefale Dialova eller Parma viss du vil gå for pizza! Her kan det også vere lurt å booke bord om du ikkje vil risikere å måtte vente ei god stund. Villa Paradiso finst både på Frogner og på Grünerløkka.

4. Süd Øst

Ein miks mellom asiatisk og europeisk. Ein smaksopplevelse utan like! Süd Øst er ein av mine favorittar når me vil ha det vetle ekstra. Her har me både feira min bursdag, Mats sin bursdag og kosa oss gløgg i hel. Dei har ein fantastisk meny med veldig mykje spennande, men me ender ofte opp med smaksmenyen som heiter Yang. Den kostar 485 kroner per pers, og er ein bit av himmelen. Ein av dei beste smaks-opplevelsane eg har hatt i heile mitt liv. I tilegg har dei veldig mange gode drinkar, og ellers mykje bra! Her MÅ du booke bord, og kleskoden er gjerne litt finare enn dei andre plassane. Det står i stil til det veldig delikate og flotte lokalet.

5. Kverneriet

Denne her plassen tok hamburger til ein ny dimensjon! Fantastiske burgarar, fantastisk lokal og veldig god service. Det som er det negative med denne plassen er at det nesten er umuleg å få bord. Her må du anten vente 1t, eller booke i veldig lang tid på forhånd. Det eg derimot har hørt rykter om er at det kjem ein til restaurant her i Oslo om ei stund, så det gledar eg meg veldig til! Dette er vertfall plassen for supergode hamburgarar med ulike toppingar og smaker, og ekstremt gode fries! Trøffel og persille er ein stor favoritt hos meg.

Om du har ein favoritt som ikkje er med på lista her, tips meg gjerne!

Midt i Stockholm finner du ein skatt av eit hotell. Eit hotell som vil gi deg ein magisk opplevelse fra start til slutt. Eg snakkar om Nobis Hotel. Hotellet som ein gang i tiden var banken på Norrmalmstorg der namnet Stockholmsyndromet oppstod. Hotellet som kan fortelle deg spenannde historiar og unike opplevelsar. Hotellet som er så vakkert at du er usikker på om du er med i ein film, eller eit eventyr. Hotellet du rett og slett ikkje vil sjekke ut i fra. 

Så i desember når eg og Mats skulle booke hotell i Stockholm var det ingen spørsmål eingang. Det måtte bli Nobis. Heile hotellet er så utruleg gjennomført og vakkert! Alt fra interiør til service og til dei små detaljane. Dei små detaljane som setter prikken over i’en. Det første som møtte oss når me opna døra inn til rommet vårt var ein fantastisk velkomst med eit hyggeleg brev, ei flaske champagne og eit lekkert fruktfat! Gjett om me blei både overraska og glade!

Romma er klassiske, stilreine og veldig gjennomførte, i likheit med resten av hotellet. Her også snakkar me om dei små detaljane. Slik som bøker om både hotellet og gruppa “designhotels”, der ein kan drømme seg vekk blant unike hotell i heile verden. Eller at på kvart rom henger det ein liten engel på veggen(ser du den?).

Det er spesielt to ting med dette hotellet som stikker seg ut. Den første av dei er den unike og veldig vakre loungen. Har du sett noke så vakkert før? Verkeleg den perfekte plassen for å slappe av etter ein lang dag på shopping eller for å nyte eit glas vin eller ei spennande øl før middag. Me kunne fort ende opp å sitte her i mange timar. Så avslappande og fint!

Eg har også hørt rykter om at baren på hotellet (The Gold Bar) severer noken av dei beste drinkane i byen, så det må eg sjekke ut neste gang.


Den andre tingen som stikker seg ekstra ut er den magiske trappa. Første gang eg gjekk opp trappa var eg sikker på at eg var med i ein film eller eit eventyr. Eit veldig magisk og fint eventyr i såfall. Denne gangen hadde dei pynta med eit juletre nederst, og det gjorde det heile enda meir fint, om muleg. I fra trappa vil du også kunne sjå ned til loungen.


Etter eit fantastisk opphold, og ein super start på det nye året gledar eg meg veldig til å besøke både Stockholm og dette vakre hotellet igjen. Ein kort togtur unna Oslo gjer Stockholm til det perfekte reisemål for ei helg med kjæresten, venninna eller mor, og kva er vel bedre enn å kunne bu midt i smørauga på eit hotell som både gir deg ein spesiell opplevelse og følelsen av luksus og historie?