Kategoriarkiv: Reise

Bali guide – del 1

Kor skal eg eigentleg begynne? Bali var heilt fantastisk. Det er så utruleg mange vakre plassar der, og så mykje å både gjer og sjå. Me hadde i utgangspunktet to veker, men to veker blei plutseleg til tre. Likevel følte me oss ikkje «ferdige» eller klare til å reise heim i det heile. Så husk å ha litt tid, spesielt om du vil oppleve fleire plassar. Sjølv om Bali var veldig spennande og flott, var det veldig slitsomt. Eg trur dei som har vore der kan kjenne seg igjen i det eg skriver. Eg har aldri vore ein plass der folk har vore så pågåande, eller ein plass med så sinnsjukt mykje trafikk. Likevel hadde me ein heilt super ferie, og Bali er faktisk eit must å oppleve ein eller anna gang iløp av livet.


Uluwatu

Den første destinasjonen i Bali var Uluwatu. Der hadde me booka rom på Suarga Resort Padang Padang Beach. Eg trur det einaste ordet som kom ut av munnen vår når me endeleg kom fram var » wow «. Eit utruleg vakkert og unikt hotell med den mest magiske utsikten ein kan tenke seg! Rommet vårt blei oppgradert til ein villa, og me hadde det heilt perfekt. På hotellet har dei også ein restaurant som me faktisk endte opp med å ete på omtrent kvar kveld(!). Rett og slett fordi maten var så sinnsjukt god, og fordi hotellet ligger litt vanskeleg til, og ein er avhengig av scooter eller taxi for å bevege seg rundt. Som det aller meste i Uluwatu.




Naturen og landskapet er heilt unikt i Uluwatu, og det er der ein finner dei flotte strendene. Me besøkte blant anna Padang Padang beach og Dreamland Beach. Sjølv om strendene er veldig flotte er det ikkje hit du reiser for å bade. Faktisk bada eg ikkje her i det heile. Bølgene er på størrelse med fjell, og det passar seg absolutt best til surfing. Men soling derimot, det har ein mykje tid til her! Eit lite tips er å komme relativt tidelig på dei mest populære plassane for det fyller seg fort opp. Spesielt Padang Padang beach.


Ellers er Uluwatu ein veldig rolig plass. Folk er der somregel for å slappe av, på bryllupsreise eller for å surfe. Er du på tur for å feste eller på tur med vennegjengen ville eg heller kikka på ein anna destinasjon som base, og heller ta dagsturar til Uluwatu. Me blei derimot heilt forrelska, og angra på at me ikkje tok oss enda meir tid der. Ein ting er vertfall heilt sikkert, me skal tilbake eingang!

Følg med videre på del 2.

London

I begynnelsen av mai var eg så utruleg heldig at eg fekk reise til London med REN i samarbeid med jobben. Me hadde noken heilt fantastiske dagar med jobb, hygge og god mat! Det er ein del år sidan eg besøkte London sist, og eg hadde nesten gløymt kor utruleg fin og sjarmerande byen er. For London er verkeleg ein sjarmerande by, med både masse å gjer og sjå. Så eg har allerede bestemt meg at eg må tilbake snart.




Me budde på Henrietta Hotel, og herregud for eit kult, gjennomført og fint hotell! Dei hadde faktisk ikkje opna for booking enda når me budde der, så eg var den første som overnatta på rommet. Kor kult er ikkje det? Sjølve rommet var så utruleg lekkert og gjennomført, og badet var som ein draum. Heilt magisk! Hotellet låg ca to minutt fra Covent Garden, så plasseringen var heilt fantastisk.





Det vart ikkje så mykje tid til verken shopping eller turistattraksjonar, men det gjorde faktisk ingenting. Me hadde det så hyggeleg med REN, og dei hadde laga eit heilt supert program for oss. Me blei introdusert for nyheitane som kjem framover, og her har me alle noke å glede oss til! Det kjem ein ny serie for kropp, og den er heilt fantastisk. Me var så heldige å få med oss både body lotion, skrubb og dusjsåpe heim, og eg er forelska allerede. Produkta er rett og slett fantastiske!

4D2BAE63-17D8-4B76-AB03-4F2006803610

København

I påsken var eg og mamma i København, og for ein herleg by! Eg har vore der fleire gangar før, men eg føler meg aldri heilt ferdig med å utforske byen. Så å få enda bedre tid denne gangen passa meg heilt perfekt! Det aller beste med turen var nok å endeleg få litt kvalitetstid med mamma igjen. Det var både etterlengta og veldig nødvendig.

Me budde på Babette Guldsmeden, og det var heilt fantastisk. Hotellet har basert seg på eit økologisk / organisk konsept, og det var så utruleg kult og gjennomført. Maten var heilt fantastisk, romma var veldig unike og spesielle, og toalett-artiklane var så utruleg kule! Trur både eg og mamma blei veldig betatt av stilen, og alle dei gode såpene som du fant på rommet. I tillegg er plaseringen heilt fantastisk. Eit par minutt fra Den Lille Havfrue, og ca 7-8 minutt til Nyhavn, maks.



Sidan me valgte å reise midt i påsken var det meste av butikkar stengt stort sett kvar dag, men det passa oss faktisk heilt perfekt! Eg trur me alle har opplevd å gå i den fella med at 80 % av tiden har gått vekk til å rusle rundt i butikkar. Denne gangen fekk me derimot sjå og oppleve litt andre ting, slik som Dyrehaven. Dyrehaven er eit skogsområde litt utanfor sentrum, og der kan ein både rusle på tivoli, vere med på ridetur, eller rusle innover skogen og sjå det fine slottet, og alle hjortane som bur der. Veldig fin og spesiell opplevelse, og ein perfekt pause fra byen.



Ellers er det veldig mykje fint å sjå og gjer i sjølve byen. Den botaniske Have, Tivoli Nyhavn, Rosenborg Slot, Det Runde Tårn, Kastellet, Kongens Have, Strøget og enda meir. Sjølv er eg veldig glad i å faktisk berre rusle rundt i byen. Så mange fine og sjarmerande gater.

Ein anna ting som eg gjerne vil anbefale er Copenhagen Street Food. Det er ein fabrikkhall som har blitt gjort om til ein stor mathall, og du finner allslags mat der. Der kan du kjøpe litt av alt, ein god drink eller ei øl, og sette deg ned og berre nyte livet ei stund. Veldig kult konsept, og fine prisar!






Ein av dei tinga som eg synst er heilt fantastisk med København, sett vekk i fra alt det eg nettopp har skrevet, er all den gode maten. Ein av favorittane mine er 42RAW. Ein veldig populær plass med veldig god mat! Her snakkar me veldig «instagramfood». Me bestilte «brunch» og det er ein tallerken med miks av forskjellige rettar. Pannekaker, søtpotet fries, brød, avokado, musli og enda meir. Med andre ord, ein perfekt start på dagen! Når det kjem til middag endte me faktisk opp med å ete på hotellet to av kveldane, så det var ikkje så mykje me rakk å prøve ut der. Det me derimot rakk var den italienske restauranten Fiat. Ekstremt god mat, bra service og veldig sjarmerande og fint lokal. Eit must er å bestille Caprese til forrett. Det er uten tvil den beste eg har fått servert. Til hovudrett åt me begge pasta, og det supergodt!

I tillegg til desse har er fått anbefalt Mad & Kaffe, Grød, Pluto, Madklubben Bistro, Kødbyens Fiskebar og Aamanns. Så dei skal eg definitivt sjekke ut neste gang!

Girl power!

Hurra hurra for alle vakre og sterke kvinner!

Kvinnedagen er ein dag for feiring, men også ein påminnelse om at me fortsatt har ein veg å gå, spesielt enkelte plassar og for å ikkje snakke om andre land. Likevel er kvinnedagen for meg ein dag der ein skal minne kvarandre på kor viktig det er at me støttar kvarandre, løftar kvarandre opp og står i lag. For tenk så sterke og bra me er i lag. Så jenter, la oss bli enda flinkare til det <3

Food + Oslo = Love

Etter å ha budd i Oslo i 1,5 år no føler eg meg litt klar for å begynne å fortelle litt om mine favorittar og favorittplassar. Det er sjølvsagt veldig mange spennande plassar eg ikkje har prøvd ut enda, men her er vertfall fem favorittar i byen når det gjelder mat.

1. Delicatessen.

Er du gira på tapas er dette absolutt plassen å gå. Dei har tre restauranter her i Oslo om eg ikkje tar feil, men me er alltid på den på Grünerløkka. Både fordi det er ein kort spasertur unna, og fordi ein ikkje kan booke bord der. Med andre ord perfekt for oss som finner ut at ein vil ete ute i siste liten. Du risikerar gjerne litt venting, men da kan ein anten sitte ute med eit glas vin, sitte i baren eller rusle litt rundt i nærområde. Maten er heilt fantastisk, og dei har eit godt utvalg. Stemninga er intim og koselig, og servicen er alltid toppers!

2. Taco Republica.

Verdens beste taco! Taco Republica serverar taco på den ekte – meksikanske måten, og det er heilt magisk. Ein bestiller gjerne 2-3 per stykk, med ulike «toppingar». Eg elskar den med kylling, og den med både chorizo, kylling og storfe(?).  I tilegg til veldig bra mat har dei også spennande drinkar. Her vil eg gjerne anbefale å booke bord da det ofte er veldig fullt.

3. Villa Paradiso

Byens beste pizza? Me bur desverre litt for nærme Villa Paradiso, så her blir det ofte eit besøk eller take-away! Pizzaen er fantastisk, og det samme er både frukosten og lunchen dei serverar. Eg vil gjerne anbefale Dialova eller Parma viss du vil gå for pizza! Her kan det også vere lurt å booke bord om du ikkje vil risikere å måtte vente ei god stund. Villa Paradiso finst både på Frogner og på Grünerløkka.

4. Süd Øst

Ein miks mellom asiatisk og europeisk. Ein smaksopplevelse utan like! Süd Øst er ein av mine favorittar når me vil ha det vetle ekstra. Her har me både feira min bursdag, Mats sin bursdag og kosa oss gløgg i hel. Dei har ein fantastisk meny med veldig mykje spennande, men me ender ofte opp med smaksmenyen som heiter Yang. Den kostar 485 kroner per pers, og er ein bit av himmelen. Ein av dei beste smaks-opplevelsane eg har hatt i heile mitt liv. I tilegg har dei veldig mange gode drinkar, og ellers mykje bra! Her MÅ du booke bord, og kleskoden er gjerne litt finare enn dei andre plassane. Det står i stil til det veldig delikate og flotte lokalet.

5. Kverneriet

Denne her plassen tok hamburger til ein ny dimensjon! Fantastiske burgarar, fantastisk lokal og veldig god service. Det som er det negative med denne plassen er at det nesten er umuleg å få bord. Her må du anten vente 1t, eller booke i veldig lang tid på forhånd. Det eg derimot har hørt rykter om er at det kjem ein til restaurant her i Oslo om ei stund, så det gledar eg meg veldig til! Dette er vertfall plassen for supergode hamburgarar med ulike toppingar og smaker, og ekstremt gode fries! Trøffel og persille er ein stor favoritt hos meg.

Om du har ein favoritt som ikkje er med på lista her, tips meg gjerne!

Nobis Hotel

Midt i Stockholm finner du ein skatt av eit hotell. Eit hotell som vil gi deg ein magisk opplevelse fra start til slutt. Eg snakkar om Nobis Hotel. Hotellet som ein gang i tiden var banken på Norrmalmstorg der namnet Stockholmsyndromet oppstod. Hotellet som kan fortelle deg spenannde historiar og unike opplevelsar. Hotellet som er så vakkert at du er usikker på om du er med i ein film, eller eit eventyr. Hotellet du rett og slett ikkje vil sjekke ut i fra. 

Så i desember når eg og Mats skulle booke hotell i Stockholm var det ingen spørsmål eingang. Det måtte bli Nobis. Heile hotellet er så utruleg gjennomført og vakkert! Alt fra interiør til service og til dei små detaljane. Dei små detaljane som setter prikken over i’en. Det første som møtte oss når me opna døra inn til rommet vårt var ein fantastisk velkomst med eit hyggeleg brev, ei flaske champagne og eit lekkert fruktfat! Gjett om me blei både overraska og glade!

Romma er klassiske, stilreine og veldig gjennomførte, i likheit med resten av hotellet. Her også snakkar me om dei små detaljane. Slik som bøker om både hotellet og gruppa «designhotels», der ein kan drømme seg vekk blant unike hotell i heile verden. Eller at på kvart rom henger det ein liten engel på veggen(ser du den?).

Det er spesielt to ting med dette hotellet som stikker seg ut. Den første av dei er den unike og veldig vakre loungen. Har du sett noke så vakkert før? Verkeleg den perfekte plassen for å slappe av etter ein lang dag på shopping eller for å nyte eit glas vin eller ei spennande øl før middag. Me kunne fort ende opp å sitte her i mange timar. Så avslappande og fint!

Eg har også hørt rykter om at baren på hotellet (The Gold Bar) severer noken av dei beste drinkane i byen, så det må eg sjekke ut neste gang.


Den andre tingen som stikker seg ekstra ut er den magiske trappa. Første gang eg gjekk opp trappa var eg sikker på at eg var med i ein film eller eit eventyr. Eit veldig magisk og fint eventyr i såfall. Denne gangen hadde dei pynta med eit juletre nederst, og det gjorde det heile enda meir fint, om muleg. I fra trappa vil du også kunne sjå ned til loungen.


Etter eit fantastisk opphold, og ein super start på det nye året gledar eg meg veldig til å besøke både Stockholm og dette vakre hotellet igjen. Ein kort togtur unna Oslo gjer Stockholm til det perfekte reisemål for ei helg med kjæresten, venninna eller mor, og kva er vel bedre enn å kunne bu midt i smørauga på eit hotell som både gir deg ein spesiell opplevelse og følelsen av luksus og historie?

Gamla Stan

Me var så heldige å fekk tilbringe dei siste dagane i 2016, og dei første av 2017 i vakre Stockholm. Der hadde me booka oss inn på favoritthotellet vårt, og fekk noken heilt magiske dagar. Dagar med masse god mat, avslapping, rusling, og rett og slett masse hygge. Ein heilt perfekt start på det nye året.

Stockholm er generelt ein veldig fin og sjarmerande by, men er det ein del som stikker seg ut så er det Gamla Stan. Plassen der du føler du har gått tilbake i tid. Bydelen der du kan rusle i fleire timar i sjarmerande gater, kikke i dei mest unike butikkane eller berre nyte livet på ein kafe mens ein kikkar på alle dei spennande menneska.

Rundt dei mest kjente attraksjonane kan det bli ganske folksomt og ofte litt slitsomt, men så fort ein beveger seg litt vekk, vil du oppdage dei mest sjarmerande gatene der du kan rusle ganske lenge før du møter på noken. Perfekt for oss som surrar rundt med kamera i handa.

Ps. Dei har også veldig mykje god og spennande mat i denne delen av byen, så her kan du fort tilbringe ein heil dag!

Jul i vinterland

Det var i fjor eg oppdaga at når det nærmar seg jul og juletider blir Spikersuppa forvandla til eit magisk juleland. Her kan du gå å kikke i boder som selger dei mest sjarmerande tinga(verdens beste churros), nyte utsikten ut over Oslo fra parisehjulet, eller ha ein romantisk date på skøyter.

For dei små har dei både julegaveverksted, høgtlesing av juleeventyr, «Nordpolen» der ein kan besøke sjølve julenissen og julenissens gløgghus der ein kan kose seg med grøt og kakao. Med andre ord ein perfekt plass for både dei store og dei små.

Stemninga er rett og slett magisk, og eg gledar meg allerede til fleire turar hit før dei stenger ned 22. desember.

Stockholm & Nobis Hotel

Det er ingen tvil om at å reise er noke av det eg likar best og setter høgst. Eg elskar å oppleve nye plassar, møte nye mennesker, og det aller beste: å få ein liten pause fra kvardagen. For min del handlar det ikkje alltid om å reise lengst muleg vekk, tvert imot kan det nokre gangar faktisk vere minst like deilig å sleppe den lange reisen.

Så det er ikkje utan grunn at Stockholm er ein av mine favorittbyar. Reisen kan vere både kjapp og billig, og alternativa er mange. Ein kan fly, ta det daglige hurtig-toget som går mellom Oslo og Stockholm, nytte seg av buss eller sjølvsagt ta det som ein roadtrip. Byen i seg sjølv er jo fantastisk vakker, og det er både mykje å gjer og sjå på. I tillegg er det eit supert utvalg av både restauranter og butikkar. Her kan du finne søte nisjebutikkar, dei typiske kjedebutikkane og dei meir eksklusive forretningane. Med andre ord, i denne byen er det noke for alle.

Det eg derimot synst kan vere litt vanskeleg når eg skal ut å reise er å finne eit hotell. Ein vil jo så gjerne ha eit fint hotell med ein bra plassering til ein bra pris. Så er det heller ikkje eit minus om hotellet kan gi deg ein spesiell opplevelse, har ein kul eller unik stil,  eller ein spennande historie. I stockholm har eg funne «mitt» hotell. Eit hotell som har både ein spesiell stemning, ein spennande historie, eit lekkert design og bra plassering. Eg snakkar om Nobis Hotel.

Nobis Hotel ligger midt i hjerte av Stockholm, og er eit av dei vakraste og mest gjennomførte hotella eg har besøkt. Servicen var super, frukosten var fantastisk, og rommet var heilt perfekt med utsikt ut over Norrmalmstorg. I tillegg til dette har dei ein fantastisk lounge der det er heile 28 meter høgt opp under taket, og ei trapp som er verdt eit besøk i seg sjølv.

Ein anna spennande ting med dette hotellet/bygget er at det var her ranet av Kreditbanken på Norrmalmstorg skjedde. Ranet som har vorte oppstandelsen til begrepet Stockholmssyndromet. Det kan du lese meir om her.

Du huskar kanskje kor magisk det var å bu på hotell da du var liten? Kor spenannde og morsomt det var å gå rundt i gangane for å utforske? Akkurat den følelsen gav dette hotellet meg. Alt var så gjennomført, så spennande, og eg kunne omtrent ikkje vente med å få utforske. Du kan lese og sjå meir om hotellet her.

Så om du trenger ein liten pause fra kvardagen eller kvalitetstid sammen med mor/datter, kjæreste eller ei venninne så kan eg verkeleg anbefale Stockholm og Nobis Hotel. Det er nesten sånn at eg bookar ein tur no når eg skriver innlegget, for ei helg med god mat & drikke, hygge og kos hadde eigentleg vore heilt perfekt no.

City Smart

Etter at eg flytta til Oslo har eg blitt mykje meir bevisst over korleis skader ein utsetter huden for i kvardagen. Her snakkar me ikkje berre om sol, men også forurensing og andre miljøfaktorar. Visste du at heile 80% av tegna på aldrande hud kjem av nettopp dette? Faktisk viser nye studier at det er minst like viktig å beskytte huden mot akkurat dette, som å beskytte huden mot UV-strålar. Ganske skremmande, ikkje sant?

Så no i haust når Elizabeth Arden lanserte sitt nyaste produkt i Prevage serien, City Smart, var eg ikkje vanskeleg å be. Tvert imot. Eg trur faktisk eg jubla høgt. Eit fantastisk produkt som har som hovudoppgåve å beskytte huden vår mot forurensing, i tillegg til at den inneheld SPF 50 for å beskytte mot dei skadelige UV-strålane.

Eit produkt som har blitt eit must for meg, og som eg håpar kan bli ein fast del av hudpleierutina til mange kvinner rundt om i verda. For er det ein ting me alle veit så er det at det er lettare å forebygge enn å reparere. Så er det heller ikkje eit minus at produktet gir ein fin glød og gjer at sminken sitter bedre.

Les meir om produktet her.