Eg trur alle jenter har eit mirakelprodukt i toalettmappa si. Eit produkt som er så fantastisk at ein eigentleg ikkje vil fortelle om det til nokon. Eit produkt som ein gjerne vil holde for seg sjølv. Eit sånt produkt kan vere alt i fra ein krem som gir verdens finaste glød, ein concealer som på magisk vis får alle kvisene til å forsvinne, eller ein maskara som gir dei flottaste vippene ein har sett.

Mitt mirkalprodukt er denne lille saken fra Dior. Denne saken som lignar litt på ein leppestift. Fix It Color er ein nyheit som kom i august 2016, og er fire små magiske saker som denne, i ulike fargar. Ein blå som skal korrigere trøttheit, ein aprikos som skal korrigere pigmentflekker og mørke ringer for dei som er litt mørkare i huden, ein grønn som skal korrigere rødheit, og til slutt min fine lille sak som skal korrigere pigmentflekker og mørke ringer for oss som er litt lysare i huden.

Gløym mirakelpennen fra YSL, gløym concealerar som lovar å skjule mørke ringer, denne slår faktisk alt. Eg legger den under augene etter eg har påført foundation, og forskjellen er faktisk heilt utruleg. Dei mørke ringane er så og sei borte, og blikket er både meir opent og våkent! Perfekt for oss som skrollar litt for lenge på instagram om kveldane, eller som har litt søvn å ta igjen etter ein periode med både eksamen, skule og jobb.

På onsdag var eg hos verdens flinkaste Elin hos Hendrix Hair Pilestredet og fekk fiksa meg litt på håret. Eg veit eigentleg ikkje heilt kor eg skal begynne, for eg er SÅ fornøygd! Elin er verkeleg den aller beste når det kjem til hår, og er like hyggeleg som ho er flink! Det er litt som å vere på cafe med ei god venninne. Skravlingen går i eitt, og ein gløymer det meste som heiter tid og stad.

img_8669

Uansett, tilbake til håret! Denne gangen valgte me å gå for ein litt mørkare tone, og me endte opp med ein farge som er relativt lik min eigen. Det skal bli så deilig å sleppe alt som heiter striping og bleiking ein periode, og faktisk la håret bli litt sterkt og sunt igjen. For no ser det faktisk sånn ut og. Sterkt, sunt og glansfullt. Ho stussa også over tuppane, men tok så lite som mulig sånn at eg kan fortsette på prosessen med å få litt lengde igjen. Eg er somsagt utruleg fornøygd, og kan heilt ærleg talt ikkje huske sist eg følte meg så fin på håret.

Eg var også så heldig at eg fekk med meg nokre produkter som eg gledar meg veldig til å teste ut framover. Eit eige innlegg kjem om dei litt seinare, så følg med videre!

Viss du vil sjå meir av arbeidet til Elin så sjekk ho ut på instagram under namnet @elinhendrixhair, eller på bloggen hennar her. Nøl heller ikkje med å ta kontakt om du vil fikse deg på håret, eller om du trenger råd eller anbefalingar. Ho er både dyktig, superhyggelig og veldig søt! Du finner ho og ein gjeng andre dyktige damer her.

//behandlingen er sponset

På ein kald vinterdag er det ingenting som er deiligare enn å pakke seg inn i eit svært skjerf. Eit skjerf som er mjukt, som varmar godt og som faktisk kan brukast som pledd også. Eg veit ikkje kor mange gangar eg har brukt mitt grå Acne skjerf som pledd på flyet, eller over meg på kinoen. For det er jo virkelig ingenting som er verre enn å sitte å fryse.

Så når me no går inn i ein ny periode med både masse vind, regn, snø og det aller meste som gjer at eg vil flykte til varmare strøk, tenkte eg at det var på tide med eit nytt skjerf. Valget falt på Acne igjen, rett og slett fordi eg har vore så sinnsjukt fornøygd med mitt som eg har brukt omtrent kvar dag(minus sommar) siden 2013. Eg har kjent litt på andre fra andre merker, men ingen blir liksom så mjuke og gode, sjølv om dei gjerne ser ganske like ut.

Valget falt (ikkje overraskande) på eit svart. 90% av garderoben min består av svart, og det er både klassisk, tidløst og kan brukast til alt og alle situasjonar. Eg er vel ikkje den einaste som er over gjennomsnittleg glad i svart? Eg er vertfall superfornøygd, og gledar meg til å pakke meg inn i dette framover.

Etter eg kom heim fra Barcelona har huden min desverre ikkje vore heilt i balanse. Den har vore ein “fin” kombinasjon av tørr, dehydrert, og super-sensitiv. Noke som igjen har ført med seg ein del prikkar og utslett. Så sjølv om eg har vore meir enn fornøygd med mine faste produkt skjønte eg no at det var nødvendig med produkter som var enda meir retta mot sensitiv og sår hud.

REN Clean Skincare er ein hudpleieserie med produkter for alle hudtyper, og produkter med veldig fine og milde ingrediensar. Eg endte opp med å kjøpe eit kit for sensitiv hud som heiter ” Stop Being So Sensitive”. Der får ein med ein rens, serum og dagkrem. Produkta er i relativt små størrelsar, men perfekt for å få teste dei ut før ein kjøper store størrelsar, eller til å ha med på reiser.

Alle produkta i “evercalm”(sensitiv) serien er ekstra milde, og vil virke veldig beroligande på huden. Dei vil også øke fuktnivået, samtidig som dei både beskyttar og dempar rødheiten. Det ropar vertfall eg hurra over! Eg merkar allerede forskjell på huden min etter ei veke med desse produkta, og sjølv om huden fortsatt er både tørr og sensitiv er den mykje bedre enn den var for ei veke siden. Det er alltid viktig å huske på at ting tar litt tid, så ikkje gi opp etter nokre dagar. Gi det nokre veker.

Produkta til REN får du kjøpt hos alle Fredrik og Louisa butikker til ein veldig fin pris. Eg må også legge til at innlegget verken er annonse eller spons, det er enkelt og greit eit lite tips til alle som sliter med det samme som meg. Eg veit kor innmari kjedelig det er å både kaste vekk penger, bruke masse tid og energi på hudpleie som ikkje funker eller som faktisk gjer huden verre.

Det beste med søndag er at det endelig er tid for avslapping og kos. Gjerne eit par timar ekstra på puta også. Så i dag når eg vakna rusla eg bort på Godt Brød, plukka med meg verdens beste skulebolle, og deretter rusla eg tilbake til senga. Der låg eg i litt for mange timar å kosa meg med den nyaste utgaven av Vogue, og den veldig fine boka til Garance Dore, Love x Style x Life.

Love x Style x Life har blitt ei av mine favorittbøker. Den er så utruleg fin og gjennomført. Du får magiske historiar frå barndommen til Garance, innblikk i livet hennar, og tips og triks når det gjelder både mote og skjønnheit. Den går litt djupare enn mange av dei typisk “blogger” bøkene, så om du liker den type bøker MÅ du få med deg denne her. Sjekk også ut bloggen her.