1. Little Lotus, Camilla Pihl by David Andersen. Eg har vore forelska i dette smykket siden kolleksjonen kom ut, så gjett om eg blei glad når det låg å venta på meg under juletreet. Smykket er ikkje berre utruleg flott å sjå på, men det har også ein utruleg fin symbolikk som eg kan relatere meg til på mange måtar.

“Jeg ble veldig inspirert av sitatet No Mud, No Lotus da jeg lagde kolleksjonen min. Flere av smykkene har en lotus i seg og for meg er det en reminder på at man alltid kommer seg gjennom tøffe og tunge tider. En lotus før den springer ut i blomst ligger nede i mørket langt ned i gjørmen før den strekker seg mot lyset og springer ut i full blomst. Jeg synes det er så vakkert og det ligger veldig mye symbolikk i den blomsten.”  – Camilla Pihl.

2. Dream Skin – Perfect skin cushion, Dior. Denne her blei eg introdusert til av ei dyktig jente fra Dior, og siden den gang har eg vore heilt forelska. Eit magisk produkt som er ein mellomting mellom eit hudpleieprodukt og makeup. Det inneholder 80% hudpleie, og 20% makeup. Ein kan gjerne forklare produktet som ein lett foundation som gir supermasse fuktigheit og glød, samtidig som den skal hjelpe mot porer og ujevnheiter i huden. Den inneheld også spf 50 som er veldig viktig for å beskytte huden best og mest mulig.

3. Zazou – Le soft perfume, Sabe Masson. Dette er eit ganske nytt og spenannde produkt for mange, for dette er ikkje ein vanleg parfyme ein skal spraye på. Denne kjem i stift/stick form, og skal forsiktig smørest på. Gjerne på nakken, handleddet eller bak øyrene. Genialt, ikkje sant? Ein anna ting som er fantastisk med desse er at dei er så lette å ha med seg i veska, og det er heller ingen fare for å ende opp med ein knust parfyme i kofferten etter ferieturen. Det trur eg me alle har opplevd. Dei kjem i mange forskjellige dufter, men den som heiter Zazou er ein av mine absolutt favoritter. Ein perfekt mellomting mellom søt, frisk og leiken.

4. Zazou – Les Baumes, Sabe Masson. Dette er ein hand & kroppskrem med samme duft som parfymen, min favorittduft. Sjølv om det står at den kan brukast på kroppen også, begrenser eg den til hendene, rett og slett fordi eg ikkje vil bruke den opp så fort. Den er fri for silikon og parabener, men inneheld derimot pleiande og naturlige stoffer i likheit med parfymen. Den luktar himmelsk og gjer dei tørre vinterhendene mine mjuke og gode.

CÉLINE KNOT BRACELET

Dette armebåndet har stått på ønskelista mi sia første gang eg såg det. Minimalistisk, lite og enkelt, men likevel heilt perfekt. Det perfekte kvardagsarmebåndet som er like fint til strikkegensar som til ein elegant kjole.

I Hellas for ein del år tilbake kjøpte eg denne handlaga skåla. Den har lenge stått til pynt, men den siste tiden har den faktisk fått gjort seg til nytte, som eit sjarmerande lite “smykkeskrin”. Her oppbevarar eg dei fleste kvardagssmykkene mine. Dei ein gjerne tar på seg like før ein går ut døra, og av seg når ein kjem inn igjen.

Ein perfekt måte å oppbevare smykkene på, samtidig som det gir litt pynt til rommet. Så skal eg heller ikkje legge skjul på at for ein rotekopp som meg(som tar av seg smykkene og legger dei på tusen forskjellige plassar) er dette heilt fantastisk. Eg kan ikkje telle kor mange gangar eg har hatt hjerte i halsen fordi eg ikkje har funne Hermes-armebandet mitt, eller den eine eller andre ringen.

På ein kald vinterdag er det ingenting som er deiligare enn å pakke seg inn i eit svært skjerf. Eit skjerf som er mjukt, som varmar godt og som faktisk kan brukast som pledd også. Eg veit ikkje kor mange gangar eg har brukt mitt grå Acne skjerf som pledd på flyet, eller over meg på kinoen. For det er jo virkelig ingenting som er verre enn å sitte å fryse.

Så når me no går inn i ein ny periode med både masse vind, regn, snø og det aller meste som gjer at eg vil flykte til varmare strøk, tenkte eg at det var på tide med eit nytt skjerf. Valget falt på Acne igjen, rett og slett fordi eg har vore så sinnsjukt fornøygd med mitt som eg har brukt omtrent kvar dag(minus sommar) siden 2013. Eg har kjent litt på andre fra andre merker, men ingen blir liksom så mjuke og gode, sjølv om dei gjerne ser ganske like ut.

Valget falt (ikkje overraskande) på eit svart. 90% av garderoben min består av svart, og det er både klassisk, tidløst og kan brukast til alt og alle situasjonar. Eg er vel ikkje den einaste som er over gjennomsnittleg glad i svart? Eg er vertfall superfornøygd, og gledar meg til å pakke meg inn i dette framover.

Det beste med søndag er at det endelig er tid for avslapping og kos. Gjerne eit par timar ekstra på puta også. Så i dag når eg vakna rusla eg bort på Godt Brød, plukka med meg verdens beste skulebolle, og deretter rusla eg tilbake til senga. Der låg eg i litt for mange timar å kosa meg med den nyaste utgaven av Vogue, og den veldig fine boka til Garance Dore, Love x Style x Life.

Love x Style x Life har blitt ei av mine favorittbøker. Den er så utruleg fin og gjennomført. Du får magiske historiar frå barndommen til Garance, innblikk i livet hennar, og tips og triks når det gjelder både mote og skjønnheit. Den går litt djupare enn mange av dei typisk “blogger” bøkene, så om du liker den type bøker MÅ du få med deg denne her. Sjekk også ut bloggen her.