Avokado toast er og forblir ein stor favoritt hos meg. Det som er så digg er at ein kan variere “toppinga” fra gang til gang, og dermed er det nesten heilt umulig å gå lei. Her har eg laga to forskjellige variantar. Ein med avokado + løk og tomat, og ein med avokado + spirer og fetaost.

Eit anna tips er å gjerne bake brødet sjølv. For finst det eigentleg noke bedre enn nysteikt brød med godt pålegg? Avokado toast er perfekt som ein god frukost eller ein digg lunch. Server det gjerne med ein frisk juice eller smoothie til.

Eg er alltid på jakt etter middagstips, og etter venninna mi tipsa meg om denne retten har det blitt ein ny favoritt. Kjapt, enkelt og utruleg godt! Det einaste du trenger er kylling, pasta, rød pesto, løk, sopp, paprika og ruccola.

Det kan lagast på veldig mange måtar, og eg veit det ligger ein fin oppskrift på Trines Matblogg her, likevel gjorde eg det sjølv veldig enkelt. Eg steikte kyllingen og grønnsakene i ei steikepanne samtidig som eg kokte pastaen. Når pastaen var klar helte eg ut vatnet, tilsatte pestoen og deretter grønnsakene og blanda det godt. Så lagde eg eit par snitt i kyllingen og fyllte med pesto. Til slutt toppa eg det heile med finhakka ruccola.

Om du har noken digge middagstips du vil dele så blir eg veldig glad for det!

Smoothiebowl er og blir ein stor favoritt. Det beste er at du kan variere absolutt alt, og ha nye smakar kvar dag. Sjølv pleier eg å laga sjølve smoothien av fryste jordbær, blåbær, skogsbær, bringebær, ei banan og anten juice eller yoghurt! Til topping brukar eg veldig masse forskjellig. Gojibær, tørka kokos, havre, banan, blåbær, bringebær, mango, kiwi eller noke anna digg. Det er så utruleg mange muligheitar, og butikkane får stadig inn meir og meir spennande. Før var gojibær osv ting ein måtte kjøpe på helsekost, men no finner du faktisk veldig masse spennande på typ Kiwi. Veldig kjekt!

Smoothie er perfekt som både frukost, lunch, kvelds eller som mellom-måltid! Sjølv synst eg det er heilt fantastisk som frukost da eg ofte ikkje har så mykje matlyst om morningen, men veit kor ekstremt viktig det er å få i seg litt mat.

Dei dagane eg studerer heime prøver eg å vere flink til å få i meg mat, og ein stor favoritt er salat. Eg pleier å variere fra dag til dag, men ein stor favoritt er den du ser på bildet over.

Den er veldig veldig enkel, og det einaste du trenger er ein pose med salatblanding(eg brukar å variere alt etter kva som fristar), fetaost med soltørka tomat og valgfrie nøtter.

Her er det kun fantasien (eller kjøleskapet) som setter grenser. Eg ville gjerne ha hatt med både tomat og avokado også, men denne gangen blei det enkelt! Godt, mettande og smakfullt. Ein perfekt lunch.

Min nye favoritt når søtsuget kjem snikande er denne sjokolade-shaken som venninna mi tipsa meg om for ei stund tilbake. Det einaste du trenger er ei banan, kakaopulver, melk og gjerne litt isbitar for å få den ekstra kald og god. Du lagar den på 1-2-3 i ein blender, og vips så har du både eit lite mellom-måltid og ein supergod milkshake i eitt.

Denne kan du nyte med god samvittigheit, og passer like godt for voksne som barn!