Barcelona

Barcelona må vere ein av mine nye favoritt destinasjonar. For ein by! Når folk seier at Barcelona er den perfekte storby kan eg sei meg heilt enig. Det er ikkje så mange byar der du først kan shoppe på Chanel, for å så ligge på stranda eller ta deg ein fjell-tur etterpå. Her kan du shoppe i dei flottaste butikkane, du kan nyte dagen på stranda, ta deg ein fjelltur, vere skikkeleg turist, eller rett og slett nyte den magiske stemninga på ein restaurant med tapas på fatet og vin i glaset.

Eg og mamma var der fra tirsdag til søndag, og det var heilt perfekt. Nok av tid til å oppleve og nyte byen, få med oss turistattraksjonane og å faktisk slappe av litt. Eg veit mange reiser dit for ei helg eller langhelg, og det funkar nok veldig fint også.

Det er vertfall nok av ting å både gjer og sjå på i byen, så her må ein eigentleg berre velge ut. Me var skikkeleg turistar og hoppa på ein buss, på den måten fekk me med oss dei tinga som var litt utafor “sentrumskjerna” som Park Güell, fotballstadion, la sagrada familia, osv. Veldig grei måte å få sjå veldig masse på. Ellers er byen eigentleg ganske liten, så ein kan fint rusle til det aller meste.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *