Høstens finaste palettar

Reklame(sponset produkt)

For ein månad tilbake blei eg introdusert for nyheitane til Bare Minerals, og wow så mykje spennande og fint som kjem framover! Ein av dei tinga som stakk seg spesielt ut var øyenskyggane.

I desse dagar lanserar Bare Minerals nemleg fire nye palettar, og dei er ingenting anna enn fantastiske. Vakre fargar, god pigmentering og ein super konsistens. Som om det ikkje er nok kjem dei også i eit heilt nydeleg etui. Så her får du med andre ord ikkje berre ein lekker øyenskygge, men også eit lite smykke på baderommet.

Dei fire palettane heiter Copper, Latte, Rose og Neutral, og namnet forklarar ganske bra korleis fargar og tonar ein kan forvente seg. Min favoritt er den på bildet over, “Latte”. Nydelige varme tonar som passar perfekt til alle årstider og anledningar. Like fin til kvardag som til fest. Kjenner eg meg sjølv rett kjem eg til å kjøpe den som heiter “Copper” også. Den går enda litt meir i rødt og rosa, og er veldig lekker mot høsten.

Share on FacebookTweet about this on TwitterGoogle+Pin on Pinterest
Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *