Reklame(sponset produkt)

For ein månad tilbake blei eg introdusert for nyheitane til Bare Minerals, og wow så mykje spennande og fint som kjem framover! Ein av dei tinga som stakk seg spesielt ut var øyenskyggane.

I desse dagar lanserar Bare Minerals nemleg fire nye palettar, og dei er ingenting anna enn fantastiske. Vakre fargar, god pigmentering og ein super konsistens. Som om det ikkje er nok kjem dei også i eit heilt nydeleg etui. Så her får du med andre ord ikkje berre ein lekker øyenskygge, men også eit lite smykke på baderommet.

Dei fire palettane heiter Copper, Latte, Rose og Neutral, og namnet forklarar ganske bra korleis fargar og tonar ein kan forvente seg. Min favoritt er den på bildet over, “Latte”. Nydelige varme tonar som passar perfekt til alle årstider og anledningar. Like fin til kvardag som til fest. Kjenner eg meg sjølv rett kjem eg til å kjøpe den som heiter “Copper” også. Den går enda litt meir i rødt og rosa, og er veldig lekker mot høsten.

Kor skal eg eigentleg begynne? Mauritius har stått på lista over “drømmedestinasjoner” så lenge eg kan huske. Ei øy med vakre strender, fantastisk natur, spennande mat og hyggelige mennesker, ja det seier jo seg sjølv at det er ein drøm for mange. Meg inkludert. Så stod “paradisøya”til forventningane? Uten tvil! 

Overnatting

Me budde på tre forskjellige hotell i løp av oppholdet vårt på Mauritius. Zilwa Attitude, Paradise Cove Attitude og The Residence Mauritius. Her kjem eg til å skrive mest om Zilwa og Tropical, rett og slett fordi me var sånn passe fornøygde med The Residence. Det ligger på eit veldig flott området, og har ei nydeleg strand, men det er stort sett det.

Zilwa Attitude

Zilwa attitude ligger heilt nydeleg til, og kan tilby det aller meste ein kan tenke seg. Det første som møter deg på hotellområdet er resepsjonen / baren med verdens finaste utsikt. Både utover hotellområdet, men også av havet og øya som ligger like utafor. Hotellet tilbyr fleire basseng, fleire ulike restaurantar, eit nydeleg spa-område, utekino, og mange spennande opplevelsar for både store og små. Noke av det aller mest spesielle med dette hotellet og området er at dei har ei eiga øy like utafor stranda. Dit blir du frakta med ein liten båt, og deretter kan du nyte ein dag med fantastisk grillmat og bading på den nydelige stranda. Dagen me hadde på den vetle øye var faktisk ein av dei beste dagane iløp av heile oppholdet, så det er faktisk eit must å oppleve.

Sjølve hotellrommet vårt låg like ved stranda, noke som passa oss heilt perfekt. Kor fantastisk er det ikkje å berre kunne rusle ut i sanden om morningen? Interiøret var delikat og elegant, samtidig inspirert av både hav og strand. Hotellet er passande for både store og små, og kanskje eit av dei bedre alternativa på øya om du reiser med barn. Dei tilbyr ulike barnefilmar på utekinoen iløp av veka, og masse andre spennande aktivitetar. I tillegg ligger hotellet i ei bukt som gjer at det er svært lite bølger. Sånn er det langt i fra på heile øya.

Ein anna positiv ting med kjeden Attitude er at dei tilbyr veldig mange aktivitetar utafor hotellet også, slik som middag & dans hos ein lokal familie, båttur i soloppgang med ein lokal fiskar, guida tur til Port Louis og enda meir. Me gjorde faktisk alt dette, så det kjem litt lenger nede i innlegget.

Paradise Cove Attitude

Skal du på bryllupsreise, eller vil nyte eit ekstra romantisk opphold er dette plassen! Eit nydeleg hotell, på eit heilt nydeleg område. Hotellet kan tilby to basseng, fleire restauranter, spa, ei privat strand og eit stort område der ein ligger i solsenger rundt ei halvøy. Her ligger du med andre ord heilt aleine med di eiga brygge. Rommet vårt var superfint og gjennomført, og me hadde vår eigen balkong med utsikt over strand og hotellområde.

I likheit med Zilwa attitude var det stort utvalg av restauranter her og, blant anna buffe eller a la carte ved reseposjonen, eller romantisk middag på stranda. Eit stort pluss var den himmelske frukosten. Her kunne du velge mellom alt fra a til å, og om du ville starte dagen med eit glass champagne stod det også klart. Min favoritt var sjølvsagt pannekake med nutella… Finst det eigentleg noko bedre?

Tropical Attitude var favoritthotellet mitt på heile turen. Alt var så utruleg bra og gjennomført, og romantisk fra start til slutt. Eg skjønnar veldig godt kvifor mange velger å bu her på bryllupsreisen sin. Ein ting som scora høgt på lista var par-massasje med rosebad. Her blei ein møtt av eit svært bad fyllt av roser og deilige produkter. Deretter fekk ein massasje av dyktige damer. Eg er svært dårlig på å gå til massør her i Norge, så det var heilt magisk å få litt pleie. Og ekstra kjekt å gjer det sammen.


Aktivitetar

Kor skal eg begynne? Sjølv om Mauritius er ei lita øy er det absolutt nok å finne på. Her er aktivitetar for absolutt alle. Den første delen av oppholdet vårt gjorde me ulike aktivitetar som blei arrangert av Attitude.

Middag & dans med lokal familie

Ein av dei første aktivitetane me blei med på var middag hos ein lokal familie. Her reiste me to par, og to familiar fra hotellet til ei ansatt på hotellet. Ho og familien laga nydeleg mat til oss, og seinare blei me introdusert for både lokal musikk og dans. Heile kvelden var heilt fantastisk, og ein av dei bedre opplevelsane fra ferien.

Soloppgang med lokal fiskar

Tideleg om morningen blei me frakta ned til brygga der ein lokal fiskar møtte oss. Hotellet hadde pakka med frukost til oss, og me satte kursen ut på sjøen. Fiskaren fortalte oss om livet på øya, og korleis det er å leve som fiskar. Sola steig litt og litt, og me fekk ein magisk soloppgang. Så fort sola var oppe på himmelen fekk me servert kaffe og rundstykker. Ein heilt magisk morning, og ein opplevelse for livet.

Catamarantur til Gabriel island

Gabriel Island er ei av tre øyer som ligger eit lite stykke utafor Mauritius. Denne øya er heilt nydeleg, så det er ikkje utan grunn til at den har blitt ein populær destinasjon. Ingen restaurantar, ingen hus, ingenting. Kun ei øy med nydeleg natur. Båtturen ut var ein opplevelse i seg sjølv også, der me faktisk fekk sett hval. Etter me hadde tilbragt noken tima på øya blei me frakta tilbake til catamaranen, og der venta det grillmat og digg tilbehøyr. Seinare satte me kursen tilbake mot Mauritius, men stoppa på vegen der ein kunne få snorkle. Alt i alt var dagen heilt toppers, og det er nesten eit MUST om du besøker Mauritius.

Foodtour i Port Louis

Sammen med ein guide leigd inn av hotellet køyrte me til Port Louis. På vegen stoppa han fleire gangar for å vise oss attraksjonar, blant anna eit nydeleg tempel og ei borg. Han fortalte oss om både historien og kulturen til landet, og me kunne spør om alt me kom på. Framme i Port Louis gjekk me på ein såkalla “foodtour”. Ein tur gjennom byen der me besøkte fleire matmarked, boder og restaurantar. Her fekk me sjå korleis dei selger og lagar mat, og ikkje minst smake masse digg lokal mat og drikke. I mens me gjekk fra eine markedet til det andre fekk me også sjå store delar av Port Louis. Ein veldig spennande by.

Piton de la Petite Rivière Noire

Det er mange fine fjellturar på øya, og me skulle gjerne ha tatt dei alle. Denne gangen endte me opp med å gå til “Piton de la Petite Rivière Noire”. Ein topp i Black River Gorges National Park. Me hadde leigebil så me køyrte til nasjonalparken, og dermed satte me kursen mot toppen. Sjølve turen foregjekk for det meste i skog, men på siste parti åpna det seg, og ein måtte klyve eit stykke. På toppen blei me møtt av ein heilt fantastisk utsikt over øya. Ein superfin tur og eit perfekt avbrekk fra stranda. Eg ville satt av heile dagen til denne turen, rett og slett fordi det er ein del å sjå på i området. Blant anna vakre fossefall. Er du heldig spottar du eit kult dyr eller insekt på vegen gjennom skogen og.





Roadtrip langs kysten

Å leige bil på Mauritius er både enkelt og relativt billig. Heilt perfekt om du har lyst å oppleve litt andre delar av øya. Me køyrte både hit og dit, og lengre turar enkelte dagar. Ein dag køyrte me ned heile kysten, og tilbake ein anna veg. Ein perfekt måte for å utforske enda meir fritt enn med anna transport. I tillegg er det veldig hyggelig å kunne pakke med seg eit håndkle, litt drikke og mat, og ha piknik på stranda. Me gjorde det fleire gangar, og det var alltid superkos.







Strand & soling

Også til hovedgrunnen til at flest turistar velger å besøke Mauritius. Nydelige strender og sol året rundt. Ein perfekt destinasjon for deg som drømmer om sand mellom tærne, sol fra morning til kveld og fantastiske hotell. Eit anna stort pluss med Mauritius er at det generelt er lite turisme i forhold til mange andre liknande destinasjonar. Du merkar dei vertfall ikkje. Det var fleire gangar at me plutseleg hadde ei strand for oss sjølv, eller var det einaste som låg på solsengene nede ved havet. Heilt fantastisk!

Generell info

  1. Me bestilte turen via expedia, og flaug med emirates med mellom-landing i Dubai. Eit anna godt alternativ er å fly til Paris, for å deretter fly direkte derfra.
  2.  Prisane er ganske varierande fra område til område. I Port Louis kan du ete ein middag til 30 kroner, mens i turistområda er prisane ganske like som i Norge.
  3. Me besøkte Mauritius i august, og hadde fantastisk vær. Varmt, sol fra morning til kveld, og kun ei regnbya iløp av 14 dagar. Sommaren er lav-sessong, og dermed snillare prisar. Absolutt å anbefale. Eit anna pluss er mindre turistar.
  4. Å leige bil er både billig og trygt, og absolutt å anbefale. Du kan anten booke på nett, eller få hjelp av hotellet. Om du derimot ikkje vil leige bil er det også eit ok buss-tilbud på øya. Snakk med ansatte på hotellet, så hjelper dei deg meir enn gjerne.
  5. Mauritius er ein perfekt destinasjon for både familiar og par, kanskje ikkje for deg som reiser solo, eller som backpackar. Ting er generelt ganske dyrt, og mykje er bygd opp på ressortområder.

 

Mauritius var akkurat som alle seier, heilt fantastisk! Ei heilt fantastisk øy med mykje spennande kultur, hyggeligge mennesker, god mat og drikke og fantastiske strender. Eg drømmer meg stadig tilbake, og håpar eg får muligheiten til å besøke denne vakre øya igjen i nærmaste framtid. For Mauritius er enda ein drøm.

Desse auge padsa fra SNP har blitt min store reddning. Du veit dei morningane du står opp, og du får eit lite sjokk når du ser deg sjølv i spegelen? Der det ser ut som du ikkje har sovet på ei veke? Nei? Isåfall er du veldig heldig. Hos meg skjer det desverre veldig ofte. Reddningen min har blitt desse fantastiske padsa. Dei gir meg masse fuktigheit og pleie, samtidig som dei er avkjølande. Perfekt for å dempe den hevelsen ein gjerne har rundt auga på morningen, og for å mette ut huden sånn at dei fine linjene blir mindre synlige. Prøv dei, og eg kan love deg at du er solgt etter nokre minutt.