Forrige fredag satte eg og mamma kursen mot ein av favorittbyane mine, Paris. Magiske Paris. Det er seks år sidan eg var i byen sist, og eg kan faktisk ikkje forstå korleis det kunne bli så mange år sidan sist besøk. Paris er jo heilt fantastisk.

Me budde i Le Marais som er favorittområdet mitt i Paris. Der har ein verkeleg alt ein trenger, og enda meir. Koselige restauranter, sjarmerande butikkar, og gater der ein kan drømme seg vekk blant vakre bygningar og trange smug. I Marais finner ein så sjukt mange hyggelige plassar å ete, men ein favoritt hos meg er Le Petit Italien. Det var heilt tilfeldig at eg og venninna mi gjekk på denne restauranten for seks år sidan, og det var kjærligheit ved første blikk(eller skal eg sei bit?). Maten, stemninga og lokalet er heilt fantastisk. Pastaen med trøffel er eit must.

Det var mamma sin første gang i Paris, og da måtte me sjølvsagt besøke både Eiffeltårnet, Louvre, Notre-Dame, Triumfbuen, Sacre-Cæur, og meir. Me gjekk rundt heile dagane, både for å oppleve og sjå mest muleg. Uten tvil den beste måten å bli kjent med ein by på. Det einaste som er minuset med å gå i Paris er at det tar ekstremt lang tid. Byen er veldig stor, og skal ein komme seg fra eine tingen til den neste tar det gjerne ein time å gå, minst. Heldigvis er metro-systemet både kjapt og enkelt om ein skulle gå lei.

På lørdagen hadde eg bursdag, og eg hadde ein fantastisk dag! Eg trur dei fleste som har bursdag i mai / juni kjenner til den følelsen av at dagen berre forsvinner blant eksamen osv, så det å faktisk få feire og nyte dagen var heilt magisk. Dagen blei starta hos Chanel(meir om dette seinare), og seinare rusla me rundt i Marais der me åt supergod mat, og kosa oss til sola gjekk ned.

Helga blei avslutta med eit besøk på den populære baren Le Perchoir Marais. Den ligger plassert i Le Marais, og har ein fantastisk utsikt over byen.  Lokalet er sjukt kult, drinkane er gode, og stemninga er tipptopp. På borda langs kanten kan ein nyte den vakre utsikten over Eiffeltårnet i solnedgangen. Ganske magisk spør du meg.

Dagane gjekk desverre altfor fort, og på mandag var det allerede på tide å sette kursen tilbake mot Oslo. Heldigvis er denne sjarmerande byen berre ein liten flytur unna, så det blir ikkje seks år til mitt neste besøk. Eg fryktar heller at det blir veldig-veldig snart. Byen som gir meg kriblingar i magen, og fyller minnekortet mitt på eit blunk.