Etter to veker på rundreise i Bali følte me oss ikkje ferdige. Verken med sjølve ferien eller å utforske. Så me kontakta flyselskapet, og noken tima seinare var nye billettar i boks, og me hadde plutseleg ei veke ekstra. Me hadde verken hotell, destinasjon, eller i det heile ein tanke om kor og kva me skulle gjer. Etter litt kom me heldigvis fram til at me ville bevege oss vekk fra Bali, og utforske dei små øyane. Valget falt på Gili Meno.

Gili Meno er den øya av dei tre Gili øyene som er minst utvikla. Du kan ikkje forvente deg så bra internett eller at strømmen er der heile tiden, men du får derimot oppleve paradis. For Gili Meno er verkeleg definisjonen på ordet paradis.

Etter ein lang reise fra Seminyak til Gili Meno som inkluderte både buss, båt, ny båt og hest&kjerre, så var det heilt magisk å komme fram. Me booka rom på Les Villas Ottalia, og der endte me opp med å bli heile oppholdet. Hotellet ligger litt inne på øya, men det tar deg nøyaktig tre minutt å sykle til stranda. Øya er jo ikkje stor i det heile, og dermed er det ikkje så veldig nøye kor ein bur. Hotellet hadde ein overraskande bra standard, og me fekk vår eigen villa med basseng. I tillegg hadde dei eit lekkert basseng på felles-området, og ein veldig god frukost. Kan ein eigentleg ønske seg noke meir?

Processed with VSCO with c7 presetProcessed with VSCO with c7 presetProcessed with VSCO with e2 preset

På hotellet stod det alltid 10 syklar ein kunne få låne, for sykkel eller hest&kjerre er nemleg den einaste måten å komme seg rundt på øya. I tillegg til å gå sjølvsagt. Den følelsen når ein sykla rundt på dei smale vegane under palmane var heilt magisk. Like morsomt var det på kveldane etter me hadde vore ute å ete når me skulle finne heim. Sjølv om øya er veldig liten er det så utruleg mange små vegar der, og det er så skremmande fort å sykle seg vekk i mørket. Eg trur det skjedde med oss ca kvar kveld, og me endte ofte opp med å ha sykla rundt heile øya, både ein og to gangar. Heldigvis var det ikkje så veldig skummelt der ein syklar under ein magisk stjernehimmel, og det einaste du kunne møte på var høne eller ei kyr.

Etter å ha savna å kunne bade skikkeleg på Bali var det no heilt fantastisk å komme til Meno. Dei vakraste strendene du har sett, og nesten ingen bølger eller straumar. Det aller beste er at det er så mange strender at du kan faktisk kan få di eiga strand heilt aleine. Det er kanskje den aller største kontrasten i forhold til Bali som er full av turistar, og at ein ligger arm i arm på dei mest populære strendene. På Meno var stemninga heilt annleis, og ein kunne verkeleg slappe av, og nyte ferien. Så det var akkurat det me gjorde.

Processed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with a1 preset

Utvalget av restauranter er ikkje det største, men det er meir enn nok. Me fekk tips om “MAHAMAYA”, og der åt me fleire gangar. Veldig fin restaurant, veldig god mat, og den perfekte plassen å nyte solnedgangen. Mitt tips her er å booke bord. Det er kanskje den mest populære restauranten på øya, og om ein dermed da vil ha eit bord lengst nede mot sjøen er det lurt å booke litt i forvegen. Utenom den åt me ein del på Cafe Gili. Veldig godt utvalg, god mat og den beste banansplitten eg har smakt på mange år! I tillegg var dei ansatte veldig hyggelige og hjelpsomme.

Processed with VSCO with c8 presetProcessed with VSCO with e4 preset

Det er litt begrensa kva ein kan gjer på øya utenom å bade og kose seg i sola, men noken forslag er å dykke ned til dei undervanns-skulpturane, snorkle for å sjå skilpadder, besøke Gili T eller Gili Air, eller rett og slett ta seg ein dagstur til Lombok. Eit lite tips er å snakke med dei lokale, dei er som regel veldig hjelpsomme, og gir ofte litt bedre(billigare) tips enn dei som jobbar med turistane.

Processed with VSCO with e2 preset

Gili Meno var heilt fantastisk, og absolutt den mest magiske og fredfulle plassen eg har opplevd. Ein perfekt avsluttning på oppholdet i Bali.

Processed with VSCO with a6 preset

Den tredje destinasjonen vår i Bali var Seminyak. Ein plass me hadde høyrt ganske lite om, utenom at det kunne vere ok som ein base viss ein skal reise rundt om i Bali, og at det var litt bedre utvalg av restaurantar og hoteller der. Etter det som føltest ut som ein vekes lang taxitur fra Ubud var det supergodt å endeleg komme fram. Me hadde booka rom på Golden Tulip Devins Seminyak, og det stod til all forventing. Utruleg fint og gjennomført hotell, med ein super beliggenheit. Me hadde vårt eige bobblebad på rommet, og eit stort svømmebasseng på taket. I tillegg til ein restaurant med utsikt over både byen og havet.

Processed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a6 preset

Den siste delen av oppholdet i Seminyak forflytta me oss derimot over i ein Villa med namn “Soobali white stone”. Den villaen er den finaste og mest gjennomførte eg har sett og budd i, og eg ville faktisk ikkje reise derfra. Både interiøret og stilen var så gjennomført og fint, og plasseringen kunne faktisk ikkje ha vore bedre. Så om du skal til Seminyak er det faktisk eit must å sjekke ut den villaen. Sjå og les meir her.

Processed with VSCO with e7 presetProcessed with VSCO with e7 presetProcessed with VSCO with e7 preset

I seminyak brukte me mykje tid på stranda. På kvar vår solseng med ei bok i handa. Etter første delen av ferien der me hadde brukt all tiden på å utforske var det no fantastisk å slappe av litt, og faktisk nyte ferien. Strendene i Seminyak er fine, men kanskje ikkje dei beste for ein badeferie. Det er ikkje så lett å bade der på grunn av store bølger, men derimot fint for å slappe av. I tillegg var det ganske billig å leige solseng. Husk berre å prut, ellers lurer dei deg gjerne for litt ekstra.

Processed with VSCO with e4 presetProcessed with VSCO with a6 preset

I “sentrum” finner du eit veldig fint kjøpesenter, ein del fine butikkar og fleire veldig bra restaurantar / cafear. Eg kan for eksempel anbefale Ultimo der me åt to gangar. Ein veldig fin italiensk restaurant med veldig god mat, fint lokal og god service. Prisen var heller ingenting å klage på. Om du derimot er gira på fastfood vil eg anbefale Bossman. Her finner du supergode hamburgarar og fries. Dei skal også ha pluss for eit veldig kult lokal. Ellers er det sinnsjukt mange fine og kule plassar så her har ein faktisk masse å velge mellom. Alt fra meksikansk til gresk til indonesisk.

Processed with VSCO with a4 preset

Like attmed hotellet vårt låg ein skjønnheitssalong som eg besøkte ein av dei siste dagane, Spring Spa. Der fekk eg manikyr med gel-lakk og betalte rundt 200 kroner. Lakken holdt seg faktisk fin i ein månad, og både lokalet, servicen og opplevelsen var super! Så det kan eg gjerne anbefale videre. Dei har og frisørsalong i andre etasje, og fleire behandlingsrom til blant anna massajse, ansiktspleie og meir. Så her kan ein lett slå av noken timar.

Les del ein og to her og her.

Etter Uluwatu stod Ubud for tur. Ein plass som me hadde høyrt veldig mykje om, og som me var både spente og nysgjerrige på å utforske. Ville plassen leve opp til forventningane? Svaret er både ja og nei.

Processed with VSCO with e7 preset

Fra Uluwatu til Ubud reiste me med taxi. Det var relativt greit sett vekk i fra sjukt masse trafikk, og mangen nesten-ulykker, men det trur eg ein må forvente når ein er i trafikken i Bali. Det MÅ opplevast! I Ubud hadde me booka rom på Champlung Sari. Hotellet ligger veldig sentralt til som nabo til Monkey Forrest, og er dermed heilt perfekt for deg som vil komme tett på dyrelivet i Bali. Her går det alltid aper rundt, og dei forsyner seg gjerne med det dei får tak i. For eksempel var det ei dame som blei frastjålne badeskoa sine mens ho svømte. Kva skal vel ein apekatt med badesko?! Det er også heilt umuleg å sitte på verandaen å for eksempel ta seg ei brus, da kjem dei hoppande fra eit tre. Så om du derimot vil ha avslapping og luksus er ikkje dette plassen for deg. Da ville eg heller ha sjekka alle dei fantastiske hotella som ligger litt utafor sentrum.

Processed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with j5 preset

Ubud er ein rar miks mellom støy og mas, og avslappande og vakkert. Det er mykje støy, trafikk som aldri stoppar og spørsmål om massasje eller taxi for kvar meter du går. Likevel vil du finne sjarmerande butikkar, koselige kafear, sjarmerande marker og verdens beste taco på Taco Casa. Om du derimot bevegar deg ut av sentrum vil du finne dei magiske plassane du ser på instagram. Tegalalang Rice Terrace og Campuhan Ridge Walk er absolutt å anbefale, men skal du besøke plassane så gjer det om morningen, eller seint på kvelden. Midt på dagen er det fullt i turistar, og du går rett og slett i kø. Om du derimot får plassane for deg sjølv er det heilt magisk.

Processed with VSCO with j2 presetProcessed with VSCO with a9 presetProcessed with VSCO with a6 presetProcessed with VSCO with a9 preset

Ubud er heilt fantastisk og unikt på mange måtar, men på ein anna måte er det lett å bli litt skuffa. Ting er gjerne ikkje sånn som det ofte kan virke når ein skrollar nedover på instagram eller leser på bloggar, og mange av dei største turist-attraksjonane har blitt relativt øydelagte av turistane. Trist, men sant. Likevel er Ubud eit must å besøke når ein er i Bali, men 2-3 dagar er absolutt nok. Me hadde fem, og det var gjerne tre dagar for mykje. Du rekker over veldig mykje på ein dag.

Følg med videre på del 3.