Månedlige arkiver: juli 2017

Flash Defence Anti-Pollution Mist

IMG_6702

Det er ikkje så lenge sidan denne sprayen dukka opp i butikkane, og siden den gang har den vore eit MÅ HA produkt hos meg. Sprayen beskyttar mot forurensing og andre ytre miljøfaktorar som kan føre til tideleg aldring og sensitiv hud. I tillegg har den ein oppkvikkande effekt og den funkar perfekt som setting spray! Med andre ord ein perfekt bestevenn i kvardagen og med i veska.

Sprayen er fra merket REN som det siste året har blitt mitt favorittmerke. Av fleire grunnar. Dei har heilt fantastiske produkt, og prisen er veldig fin. Som student er det ein ting eg setter veldig stor pris på. Eg vil jo så gjerne ta godt vare på huden min, men samtidig har eg ikkje fleire tusen til rådigheit. Derfor er REN heilt magisk, der får eg nemleg gode produkt til ein pris som ikkje blakkar meg.

Du finner REN hos alle Fredrik & Louisa og diverse apotek.

TILBAKE!

Endeleg eit pust i bakken, og tid til blogg!

Det er så mykje som har skjedd dei siste månadane så eg veit nesten ikkje kor eg skal begynne. I mai jobba eg veldig masse med skule og hadde fem eksamena, samtidig som butikken eg jobba i blei nedlagt, og alt skulle pakkast ned. Med andre ord ein veldig travel månad. I juni reiste me til Bali, og der endte me faktisk opp med å vere i 20 dagar. I tiden etter Bali har me vore heime i Sogn, på roadtrip rundt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, på hytta på Jomfruland, og no er eg tilbake i Sogn igjen. Det har vore veldig kjekt, men også veldig travelt. Eg trur me har sove i leiligheiten maks fire netter sidan juni, så no kjenner eg at det skal bli godt med ei rolegare tid framover.

Det som derimot er positivt med at det har vore lite lyd av meg den siste tida er at eg har mykje å ta igjen. Alt fra oppholdet vårt på Bali, anbefalingar, tips&triks, reisemål i Norge og enda meir. Så følg med vidare!