Månedlige arkiver: mai 2017

London

I begynnelsen av mai var eg så utruleg heldig at eg fekk reise til London med REN i samarbeid med jobben. Me hadde noken heilt fantastiske dagar med jobb, hygge og god mat! Det er ein del år sidan eg besøkte London sist, og eg hadde nesten gløymt kor utruleg fin og sjarmerande byen er. For London er verkeleg ein sjarmerande by, med både masse å gjer og sjå. Så eg har allerede bestemt meg at eg må tilbake snart.




Me budde på Henrietta Hotel, og herregud for eit kult, gjennomført og fint hotell! Dei hadde faktisk ikkje opna for booking enda når me budde der, så eg var den første som overnatta på rommet. Kor kult er ikkje det? Sjølve rommet var så utruleg lekkert og gjennomført, og badet var som ein draum. Heilt magisk! Hotellet låg ca to minutt fra Covent Garden, så plasseringen var heilt fantastisk.





Det vart ikkje så mykje tid til verken shopping eller turistattraksjonar, men det gjorde faktisk ingenting. Me hadde det så hyggeleg med REN, og dei hadde laga eit heilt supert program for oss. Me blei introdusert for nyheitane som kjem framover, og her har me alle noke å glede oss til! Det kjem ein ny serie for kropp, og den er heilt fantastisk. Me var så heldige å få med oss både body lotion, skrubb og dusjsåpe heim, og eg er forelska allerede. Produkta er rett og slett fantastiske!

4D2BAE63-17D8-4B76-AB03-4F2006803610

Daniel Wellington

Sponset innlegg

Eg huska så godt når eg for ein god del år tilbake fekk mi første Daniel Wellington klokke. Eg var så glad og fornøygd! Den var jo så utruleg fin, tidlaus og klassisk. Derfor var det med stor glede det dukka opp ei ny i posten like før påske. Litt mindre, enda meir feminin, men fortsatt like fin og tidlaus.

Når det gjelder smykker og tilbehøyr er eg veldig glad i dei litt meir minimalistiske tinga, og derfor passa svart med rosegull heilt perfekt! I tillegg var eg så heldig å få med eit superfint armebånd i samme farge. Perfekt i lag med klokka, og fint aleine.

IMG_2888

Sjekk gjerne ut resten av produkta deiras her, og skulle noke falle i smak så har eg i samarbeid med DanielWellington.com fått rabattkoden FLATLAND15 som gir alle 15 % på alle varene til og med 31 mai. Perfekt om ein trenger ein liten trøst i ein tung eksamensperiode, eller vil unne seg noke fint til sommaren.

København

I påsken var eg og mamma i København, og for ein herleg by! Eg har vore der fleire gangar før, men eg føler meg aldri heilt ferdig med å utforske byen. Så å få enda bedre tid denne gangen passa meg heilt perfekt! Det aller beste med turen var nok å endeleg få litt kvalitetstid med mamma igjen. Det var både etterlengta og veldig nødvendig.

Me budde på Babette Guldsmeden, og det var heilt fantastisk. Hotellet har basert seg på eit økologisk / organisk konsept, og det var så utruleg kult og gjennomført. Maten var heilt fantastisk, romma var veldig unike og spesielle, og toalett-artiklane var så utruleg kule! Trur både eg og mamma blei veldig betatt av stilen, og alle dei gode såpene som du fant på rommet. I tillegg er plaseringen heilt fantastisk. Eit par minutt fra Den Lille Havfrue, og ca 7-8 minutt til Nyhavn, maks.



Sidan me valgte å reise midt i påsken var det meste av butikkar stengt stort sett kvar dag, men det passa oss faktisk heilt perfekt! Eg trur me alle har opplevd å gå i den fella med at 80 % av tiden har gått vekk til å rusle rundt i butikkar. Denne gangen fekk me derimot sjå og oppleve litt andre ting, slik som Dyrehaven. Dyrehaven er eit skogsområde litt utanfor sentrum, og der kan ein både rusle på tivoli, vere med på ridetur, eller rusle innover skogen og sjå det fine slottet, og alle hjortane som bur der. Veldig fin og spesiell opplevelse, og ein perfekt pause fra byen.



Ellers er det veldig mykje fint å sjå og gjer i sjølve byen. Den botaniske Have, Tivoli Nyhavn, Rosenborg Slot, Det Runde Tårn, Kastellet, Kongens Have, Strøget og enda meir. Sjølv er eg veldig glad i å faktisk berre rusle rundt i byen. Så mange fine og sjarmerande gater.

Ein anna ting som eg gjerne vil anbefale er Copenhagen Street Food. Det er ein fabrikkhall som har blitt gjort om til ein stor mathall, og du finner allslags mat der. Der kan du kjøpe litt av alt, ein god drink eller ei øl, og sette deg ned og berre nyte livet ei stund. Veldig kult konsept, og fine prisar!






Ein av dei tinga som eg synst er heilt fantastisk med København, sett vekk i fra alt det eg nettopp har skrevet, er all den gode maten. Ein av favorittane mine er 42RAW. Ein veldig populær plass med veldig god mat! Her snakkar me veldig «instagramfood». Me bestilte «brunch» og det er ein tallerken med miks av forskjellige rettar. Pannekaker, søtpotet fries, brød, avokado, musli og enda meir. Med andre ord, ein perfekt start på dagen! Når det kjem til middag endte me faktisk opp med å ete på hotellet to av kveldane, så det var ikkje så mykje me rakk å prøve ut der. Det me derimot rakk var den italienske restauranten Fiat. Ekstremt god mat, bra service og veldig sjarmerande og fint lokal. Eit must er å bestille Caprese til forrett. Det er uten tvil den beste eg har fått servert. Til hovudrett åt me begge pasta, og det supergodt!

I tillegg til desse har er fått anbefalt Mad & Kaffe, Grød, Pluto, Madklubben Bistro, Kødbyens Fiskebar og Aamanns. Så dei skal eg definitivt sjekke ut neste gang!