Månedlige arkiver: april 2017

Avokado toast

Avokado toast er og forblir ein stor favoritt hos meg. Det som er så digg er at ein kan variere «toppinga» fra gang til gang, og dermed er det nesten heilt umulig å gå lei. Her har eg laga to forskjellige variantar. Ein med avokado + løk og tomat, og ein med avokado + spirer og fetaost.

Eit anna tips er å gjerne bake brødet sjølv. For finst det eigentleg noke bedre enn nysteikt brød med godt pålegg? Avokado toast er perfekt som ein god frukost eller ein digg lunch. Server det gjerne med ein frisk juice eller smoothie til.

Verdens beste concealer

BareSkin Complete Coverage Serum Concealer. For ikkje så lenge sidan kom Bare Minerals med ein ny concealer, og eg var veldig spent. Ville den leve opp til forventningane? Eller ville den skuffe meg? Er det ein ting den absolutt ikkje gjorde så var det å skuffe meg. Dette er den beste concealeren eg har prøvd i heile mitt liv. Konsistensen er lett og serum-aktig, men likevel dekkar den heilt fantastisk. Den er perfekt til å både dekke over ureinheitar og ujevnheitar, og for å skjule mørke ringar.

Mange brukar gjerne ein concealer til å skjule ureinheitar, og ein anna til under augene, men på grunn av den lette konsistensen og den fantastiske dekkevna kan denne fint brukast til begge, og dermed trenger ein jo kun ein. Det synst eg er ekstra positivt!

Har du prøvd ut denne? Om ikkje vil eg gjerne anbefale deg å gjer det!