Eg er alltid på jakt etter middagstips, og etter venninna mi tipsa meg om denne retten har det blitt ein ny favoritt. Kjapt, enkelt og utruleg godt! Det einaste du trenger er kylling, pasta, rød pesto, løk, sopp, paprika og ruccola.

Det kan lagast på veldig mange måtar, og eg veit det ligger ein fin oppskrift på Trines Matblogg her, likevel gjorde eg det sjølv veldig enkelt. Eg steikte kyllingen og grønnsakene i ei steikepanne samtidig som eg kokte pastaen. Når pastaen var klar helte eg ut vatnet, tilsatte pestoen og deretter grønnsakene og blanda det godt. Så lagde eg eit par snitt i kyllingen og fyllte med pesto. Til slutt toppa eg det heile med finhakka ruccola.

Om du har noken digge middagstips du vil dele så blir eg veldig glad for det!

Endeleg er det blitt skikkeleg vår. Sola skinner, og gradestokken stiger for kvar dag. Det gjer noke med heile humøret, og det visest veldig godt her på Grünerløkka. Gatene er fulle i glade mennesker, det er umuleg å oppdrive eit ledig bord på uteserveringane, men det følest heilt fantastisk. Da veit ein at me nærmar oss sommaren, og ingenting gjer meg meir lykkeleg enn akkurat det.

Ein anna positiv ting med vår er at det fristar meir og meir å skifte ut dei mørke klærne med dei lyse og fargerike. Eg har funne tilbake til denne fine kåpa som eg kjøpte på Lindex for ein god del år sidan, og eg trur denne kan bli ein veldig god venn framover! Det gjer så mykje å få litt fargar, istaden for å gå svart fra topp til tå, som eg gjerne gjer. Så er det noke eg skal bli flinkare til framover, så er det å bytte ut det svarte med litt fargar.

Ein ny bestevenn i sminkemappa mi.

For ei lita stund sidan var me jentene fra jobben på nyheitskurs hos Shiseido, og der er me alltid så heldige å få flotte gaver. Denne gangen var dette pudderet ein av dei, og eg er heilt forelska! Det er eit unikt kompakt pudder med sju forskjellige fargar for å både hente fram det beste i huden din og for å gi deg ulike effektar, alt etter ønske. Du kan bruke pudderet i heile ansiktet, som blush, som highlighter, contouring og faktisk som øyenskygge! Ganske kult, ikkje sant?

Så om du er på utkikk etter eit alt-i-eitt produkt som både gir glød, fuktigheit, mattar ned, skjuler porer og gir meir liv til huden vil eg absolutt anbefale deg å sjekke ut dette her. I tillegg er det jo heilt perfekt å ha med seg i veska for å freshe opp sminken i løp av dagen eller kvelden.

Hurra hurra for alle vakre og sterke kvinner!

Kvinnedagen er ein dag for feiring, men også ein påminnelse om at me fortsatt har ein veg å gå, spesielt enkelte plassar og for å ikkje snakke om andre land. Likevel er kvinnedagen for meg ein dag der ein skal minne kvarandre på kor viktig det er at me støttar kvarandre, løftar kvarandre opp og står i lag. For tenk så sterke og bra me er i lag. Så jenter, la oss bli enda flinkare til det <3

Klassisk, tidlaus og heilt perfekt.

Det var eigentleg ein tilfeldigheit at eg kom over denne veska, og etterpå klarte eg ikkje slutte å tenke på den. Den var jo heilt perfekt! Tidlaus, klassisk, og veldig elegant, men samtidig ikkje for feminin. Den har to stropper, noke som passa meg heilt perfekt! Den eine er den klassiske skinnstroppa, mens den andre er ei i stoff med litt størrelse på – perfekt for kvardag og ein litt tøffare look.

Så på lørdag når eg endeleg trippa ut av Egertorget med denne i posen kunne eg ikkje anna enn å smile. Herregud for ein følelse. Eg trur dei fleste som har jobba hardt og spart til noke lenge skjønnar kva eg meinar. Anten om det er ein opplevelse, reise eller ein ting. Følelsen er rett og slett magisk.