Første gang eg fekk opp augene for desse vakre bøkene var i Paris for ein del år tilbake. Me gjekk tilfeldigvis innom ein bokhandel, og det skulle vise seg å vere eit paradis for oss som er interessert i mote og fotografi. Butikken var full av spesielle og unike bøker. Bøker med fantastiske fotografi, vakre mennesker og spennande historiar.

Eg gjekk lykkelig ut igjen med ein litt for tung pose, som seinare skulle vise seg å bli ein fin liten samling. Alt fra mote gjennom tidene til bøker om Chanel og Audrey Hepburn. Begge veldig vakre og spesielle kvinner.

I tillegg til at bøkene er fantastiske for å både lese og kikke i, så er dei også superfine som dekor i heimen. Gjerne på stovebordet, spisebordet, hyller eller på nattbord. Her er det kun fantastien som setter grenser.

Min nye favoritt når søtsuget kjem snikande er denne sjokolade-shaken som venninna mi tipsa meg om for ei stund tilbake. Det einaste du trenger er ei banan, kakaopulver, melk og gjerne litt isbitar for å få den ekstra kald og god. Du lagar den på 1-2-3 i ein blender, og vips så har du både eit lite mellom-måltid og ein supergod milkshake i eitt.

Denne kan du nyte med god samvittigheit, og passer like godt for voksne som barn!