Månedlige arkiver: juli 2016

Hello World

..var overskriften på mitt første bogginnlegg i 2013. Eller var det 2012?

Eg er faktisk ikkje heilt sikker, men er det ein ting eg er sikker på, ja så er det at det har begynt å bli ein del år sidan. Det eg har funne ut etter alle dei åra er at eg elskar å blogge. Eg elskar å fortelle, skrive og dele, og eg elskar å ha min eigen plass der eg kan gjer dette. Der eg kan vere min eigen sjef. Der eg kan lage mine eigen rammer og reglar. Det siste året derimot har eg hatt mangel på både motivasjon og inspirasjon, men når eg satt i bilen på veg heim til Sogn slo det meg. Det er jo dette eg elskar, og det er jo dette eg vil drive på med. Så kvifor ikkje gjer det?

Så her er eg. Klar for ein ny start. Ein ny start med blanke ark. Ark som eg skal fargelegge med dei finaste fargane i verden.